PR familieleir aug 2014

Ønsker du å reise på sommarstemne i sommar, men føler det kan vere langt å reise? Saknar du ei helg med familietid og mykje åndelig påfyll?

Bli med på familieleir på Orreneset 8.-10. aug. Fleire samlingar om Guds ord, tid som familie og gå til dekka bord der andre tek oppvasken er noko av det du vil få med deg.

Talar denne helga er Erik Furnes, generalsekretær i Indremisjonsforbundet.

Det vert samlingar på formiddag og ettermiddagen, med god undervisning frå Bibelen for dei vaksne og eige opplegg for barn og ungdom.
På dagtid laurdag er det satt av god tid der man kan vere i lag som familie og med gode venar, og utnytte det vakre området rundt Orreneset. Kanskje ein tur i kano? Eller ta ein fotballkamp på fotballbana? Eller kanskje de vil prøve å nå toppen av Ausekaret, 1202 moh?

Søndag er det Orrenesstemne med møte både kl. 12 og kl. 15. Her vil Gry Sæther, lærar på Møre Ungdomsskule ha ansvaret for barneopplegget ilag med Ung Misjon. Mellom møta vert det servert middag.

Program for leiren finn du her Familieleir aug 2014