Vi har fått ei «glamelding» frå Orreneset Misjonssenter. «Prosjekt asfalt» er ferdigstilt med godt resultat.

20140629-115522.jpg

Som ein del av prosjektet har det blitt laga ein ny, flott gangveg mellom hovedbygget og hyttene. (Foto: Anbjørg Bårnes)

Det vart samla inn kr 479.000,- til «prosjekt asfalt» og styrar på Orreneset, Anbjørg Bårnes kan no fortelle at prosjektet er ferdigstilt til ein kostnad på kr 481.000,- + MVA. Når vi då veit at Orreneset har krav på full momsrefusjon må vi kalle dette ei «glamelding» og ein «innartiar».

Anbjørg fortel også at entreprenøren har utført svært godt arbeid og at dei fekk utnytta midlane til meir arbeid enn dei hadde våga å håpe på. Vi gratulerer henne og styret på Orreneset med eit flott gjennomført prosjekt og ynskjer alle velkomen til Orrenesstemne 10. august kl 12.00. Då får de sjå kor fint det har blitt på leirstaden vår.