Torsdag 14.septems.1 Daggry barnehage har denne hausten flytta inn i nye og romslege lokale på Valderøyaber vart den nye barnehagen vår på Valderøya offisielt opna. Det var ordførar Harry Valderhaug som klippte snora som blei holdt av begge banehagestyrarane Kari Lise Ose Nordstrand og Grete Walderhaug. Styrar Kari Lise Ose Nordstrand fekk utdelt Norges Vel medalje for over 30 års arbeid i barnehagen.

Sunnmøre Indremisjon har drive barnehage på øya sidan 1978, men lokala var tronge og tilfredsstilte ikkje dagens krav. I fleire år har ein tenkt og planlagt eit moderne nybygg, så no er gleda stor både blant barn, foreldre og tilsette over det fine bygget.
Barnehagestyrar Kari Lise Ose Nordstrand, kan stolt og glad vise dei rundt i lokala. Norges vel2Daggry har fire avdelingar. Lokala er lys og lette med mange vindauge, fargane er lys og s.1 Leikeapparat som gir utfordringar for dei største borna.sterke. Kvar avdeling har eigen inngang. Planløysninga er prega av moderne barnehagepedagogikk. Kvar avdeling har fuglenamn: Lerka, Måltrosten, Spurven og Linerla. Alle er glade for at dei no har fått så praktiske og tidshøvelege rom å arbeide i. Personalet har eige arbeidsrom og triveleg og lyst pauserom. Det viktigaste av alt innhald i barnehagen, understrekar styraren, barna skal lære å mestre livet seinare som vaksne, få med seg gode livsverdiar og kunne fungere i eit sosialt fellesskap. Barnehagen har sin eigen visjon: «Med Guds kjærleik til barna», ikkje så ulik indremisjonen sin visjon: «Med Guds ord til folket». Dette set preg på planane og dagsrytmen med kristne songar, barnebøker, faste bøner og markering av høgtidene i året. Haldningane og verdiane hos personalet smitter over på barna. Det sk2017-09-14 18.19.29aper trivsel og godt miljø både for liten og stor.

Daggry er tydelegvis ein populær barnahage, allereie no utgjer ventelista ei heil avdeling. Plassering rett ved sida av barneskulen gjer at mange foreldre kan tenke seg å ha sine håpefulle her, det forenklar levering og henting i ein hektisk kvardag.

Prislappen på nybygget er på heile tjueseks millionar kroner. Arkitektfirmaet Moldskred AS har teikna, prosjektert og vore byggeleiar for barnehagen.

Hovudentreprenør har vore Søvik og Skåravik. Karl Arne Austnes har vore styreleiar i Daggry, han har gjort ein fantastisk jobb. Ei spesiell takk til firma som har sponsa spesielle prosjekt: Vigra Servicecenter AS, Havila og Johan R. Sunde.