Signe Urtegård 2Styret for Møre Ungdomsskule, har i styremøte 5. feb. tilsett Signe Urtegård,Giske, som ny rektor. Signe Urtegård er 50 år, er utdanna lærar frå Høgskulen i Sogndal og har spesialpedagogisk utdanning frå Høgskulen i Volda. Ho har tidlegare vore rektor på ein barne- og ungdomsskule i Nesseby kommune i Finnmark i 4 år. Dei siste 8 åra har Signe vore inspektør ved Valderøy barneskule i Giske kommune. Ho tek til i stillinga frå 1. august 2014 og vil då erstatte Ove Johan Kopperstad som har vore rektor sidan skulen starta i 1996. Signe Urtegård seier at ho ser fram til å ta til i ei utfordrande og spanane stilling og gler seg til å samarbeide med elevar, foreldre og tilsette. Styret ved skulen er takksame for at Signe Urtegård har takka ja til denne viktige leiarstillinga og gler seg til å utvikle skulen vidare saman med henne.