Øystein Engås overtar etter Signe Reidun Urtegård som rektor på «Møre» fra 1. august.

Øystein Engås er tilsett som ny rektor ved Møre Barne- og ungdomsskule i Ålesund frå 1. august 2021.

«Møre» som skule vanlegvis vert omtale som i daglegtale ligg på Hatleholen i indre bydel i Ålesund. Skulen starta i 1996 og har 110 elevar på ungdomstrinnet. Hausten 2020 sto eit nytt skulebygg til 40 millionar ferdig, og skulen er no i ferd med å bygge opp barnetrinn frå 1.-7. klasse i dei nye lokala.

Noverande rektor Signe Reidun Urtegård har leia skulen dei siste 7 åra og har vore med å vidareutvikla skulen på ein framifrå måte, samt leia det store og omfattande byggjearbeidet.

Styreleiar Arild Ove Halås seier det slik: «Signe har lagt ned ein formidabel jobb som leiar og rektor på skulen vår. Vi skulle gjerne hatt ho ved roret på Møre vidare, men når ho no ynskjer å gå over i ny jobb i det offentlege er vi svært glade for at det la seg slik til rette at vi kunne tilsette Øystein Engås. Hans solide leiarerfaring og kompetanse var det styret ønska for vår nye rektor».

Øystein Engås har dei siste åra vore lærar ved skulen på Hatleholen. Han har tidlegare vore leiar for NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband) sitt arbeid i Norge, han var med og bygde opp det omfattande arbeidet i Misjonssalen i Ålesund som forsamlingsleiar og han har vore misjonær for NLM i Bolivia.