Det er alltid spannande å stå fram for ein ny haust. Dei fleste av oss har vel hatt ein uvanleg fin sommar og lengtar ikkje akkurat etter hausten. Det er så godt med sol og varme og rolege feriedagar saman med familie og gode vener der tankar på arbeid og ansvar får kvile.

Likevel håper eg at du kanskje har kjent på ein lengt, du saknar det kristne fellesskapet. Dei fleste av oss har ikkje vore på bibelcamp eller kristne stemne og det er kanskje lenge sidan vi var på eit møte. Det er også lett å kome ut av rytmen med bibellesing og bøn når ein er i feriemodus så difor er det noko godt med å kome i rytme igjen. Det er dette livet handlar om, arbeid og kvile, og å finne den rette balansen.

Slik er det også i vårt åndelege liv. «Kom til meg, alle de som strevar og har tungt å bera, og eg vil gje dykk kvile» seier Jesus i matt 11,28. Det grunnleggande for ein kristen vil alltid vere å kvile i nåden i Jesus  Kristus. Vi får leggje av alt som tyngjer, og synda som heng så fast ved oss (Hebr 12,1) og kvile i eit fullført og fullkome frelseverk. Det er ein kristen si herlege  stilling og den  gir oss verkeleg grunn til å lovprise og takke Jesus. Hjå han er kvile for sjela.

Men så var det denne livsrytmen då. For Jesus fortsetter slik  i Matt 11,29: «Tak mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk av hjarta».  Kristen fridom er å vere bunden til Jesus, avhengig av han og i teneste for han.  Denne gleda vonar eg du har fått oppleve. Å blitt sett fri av Jesus, fri til å kvile i nåden og fri til å tene han. Får du leve i denne balansen vil du oppleve eit liv som gir meining og glede.

Så må vi erkjenne at det ikkje er alltid det lukkast for oss. Jesus kan komme på avstand og det blir tungt å leve.  Det blir vanskeleg å tru og ein lurer på om det nyttar å vere med i det kristne arbeidet. Då synest eg det der godt med ein ny haust, med nye moglegheiter.  I år er det 100 år sidan diktaren Alf Prøysen vart fødd og han har på ein genial og enkel måte sett ord på dette: «Du skal få en dag i mårå som rein og ubrukt står med blanke ark og fargestifter til, og da kan du rette opp att alle feil i frå i går og da får du det så godt i måråkveld».  Her finn vi denne balansen. Ein ny dag som er rein, det er nåde. Og blanke ark og fargestifter, det er nye moglegheiter og ein ny start i teneste og arbeid. Eg synest dette er godt. Kanskje lukkast vi ikkje med alt i arbeidet vårt, kanskje nådde vi ikkje dei måla vi hadde sett oss? Kanskje er vi litt motlause når vi tenkjer på ein ny arbeidshaust? Då skal vi få glede oss over at dagen i morgon er rein og ubrukt og at Herren har blanke ark og fargestifter til. Der er alltid nye moglegheiter så lenge som Herren gir oss arbeidsdagar. Og han har lova å vere med oss alle dagar. Må Gud velsigne hausten for deg!