20140629-115202.jpg

Krinsstyret i Sunnmøre Indremisjon f.v. Håvard Nybø, Olav M. Synnes, Hallvard Emblemsvåg, Ole B. Vik og Runa Welle. Oddbjørn Brunstad og Solfrid U. Riise var ikkje tilstades då biletet vart teke.

På krinsstyremøte onsdag 25. juni vart Hallvard Emblemsvåg frå Emblem vald til ny formann. Hallvard har tidlegare vore formann i både Emblem Indremisjon og Sunnmøre Indremisjon og han har vore med i forbundsstyret i Indremisjonsforbundet (ImF). Det er difor ein leiar med god og brei erfaring som tek over roret for «krinsskuta» etter Per Arne Sæter. Sunnmøre Indremisjon driv eit omfattande og stort arbeid og det er difor eit krevande verv Hallvard har tatt på seg. Vi er takksame for at han stilte seg til disposisjon og ber om at indremisjonsvenene husker på han og familia hans i forbøn.

Olav Martin Synnes frå Vigra vart vald til ny nestformann og saman med Hallvard og krinsleiar Karl Arne Austnes utgjer han også «Åndeleg tilsyn» for krinsen.