Ragnhild Kristine 2Ragnhild Kristine Vartdal Espelund er tilsett som ny dagleg leiar i Radio Sentrum frå 1.februar 2015.

Ragnhild Kristine er 34 år, gift, har to barn og bur på Ellingsøya. Ho har lang erfaring med radio og som journalist innan både tekst, lyd og bilde, og har leiarerfaring. Utdanninga si har ho frå Mediehøgskulen Gimlekollen og frå Universitetet i Agder. Ho har arbeidd 8 år i Norea Mediemisjon som programprodusent og tildels i informasjonsavdelinga, og er for tida redaksjonssjef i avisa Øyblikk.

Tidlegare har Ragnhild Kristine vore eitt år som barne- og ungdomsarbeider i Sunnmøre Indremisjon, i samarbeid med sitt andre år på Bildøy Bibelskule.

Ho tek over som dagleg leiar etter Oddveig Molnes som blir pensjonist frå 1.mars 2015.

Vi er svært takksame for å få Ragnhild Kristine med på laget. Med den breie erfaringa ho har og med dei store omveltningane som skjer på mediafronten for tida med digitalisering av radioen, med nye plattformer for informasjon som facebook, twitter og instagram, får ho eit overordna ansvar som medialeiar i Sunnmøre Indremisjon. Saman med krinsleiinga og dei andre tilsette får Ragnhild ansvar for at vi utnytter alle dei kanalar som vi kan for å forkynne den gode budskapen om frelse i Jesus Kristus til folket på Sunnmøre:

Karl Arne Austnes