Bilete 1Denne helga var det avsluttande finaler i Salomo-konkurransen i Bergen. Møre barne- og ungdomsskule hadde eitt lag kvalifisert, og jammen gjekk dei heilt til topps!
Bilete 2

Årleg konkurranse
Indremisjonsforbundet arrangerer kvart år den såkalla ”Salomo-konkurransen” for elevar på mellom- og ungdomsskuletrinnet. Konkurransen er delt inn i fire delar der tre av rundane er innleiande før den avsluttande finalehelga. Deltakarane konkurrerer i bibelkunnskap, og heile Bibelen er i utgangspunktet aktuelt ”pensum”. I tillegg blir det kvar år valt ut ei særskilt bok i Bibelen som elevane må vere ekstra førebudde på. I årets konkurranse var dette boka om dronning Ester i det gamle testamentet.

 

Jamne prestasjonar
Samuel Wiencke, David Husøy og Samuel Fiskerstrand frå femte og sjette klasse utgjer vinnarlaget frå Møre. Gjennom dei innleiande rundane har laget heile tida svara mykje rett, og dei har lagt som nummer to på den nasjonale rankinga. Kontaktlærar Heather Kleppestrand fortel at ho aldri før har hatt meir motiverte elevar, og at det har vore veldig kjekt å følgje laget gjennom året.

Bergenstur på finalistane
Finalehelga er kvart år lagt til slutten av skuleåret, og dei tre beste laga i både mellomtrinns- og ungdomstrinnsgruppa får dekt reise til ein felles møtestad. I år var Raknestunet leirstad utanfor Bergen valt, og her fekk både elevar og lærarar nyte god mat og kjekke aktivitetar. Sjølve finalane gjekk av stabelen laurdag kveld, med mellomtrinnslaga først ut. Finalen bestod av fire delar med ulike oppgåvetypar. Mørelaget svara alt rett i første og ande runde, men dei fekk ein feil i runde tre. I siste runde svara dei feil to gongar, men dei nådde likevel høgaste poengsum og sigeren var då eit faktum. Kleppestrand meiner ho sjølv var langt meir nervøs enn gutane, men då sigeren først var i boks, stod jubelen i taket og det vanka både flotte premiar og diplom.

Softis på Sulesund
Elevane var blitt lova tre isar frå kontaktlæraren om dei vann, og den første av desse vart allereie innkassert på Flesland medan dei venta på flyet heim. Då hadde dei alt feira med bading på Vannkanten i Bergen og vidare med middag på Peppes Pizza, før flyet gjekk.  På Sulesund hadde dei så god tid til ferga, og då forslaget om is nummer to kom opp, var læraren rask med å innfri ønsket. Resultatet vart halde hemmeleg for medelevane fram til måndagsmorgon, og då fekk elevane sjølve offentleggjere førsteplassen framfor resten av skulen. Dermed varte det ikkje lenge før is nummer tre måtte settast til livs.

Lærerikt initiativ
Rektor Arve Fiskerstrand er stolt av vinnarlaget, og han presiserer at det heller ikkje er første gong eit lag frå Møre er i finalen. Det er ikkje mange skulelag som er med i konkurransen, då det mest er fritidsklubbar som melder seg på, men for elevane på Møre har dette blitt ein fast tradisjon. –I tillegg til å lære meir frå Bibelen, fungerer dette også som ypparleg lesetrening der både mengd og vanskegrad på innhaldet er avansert. Samtidig må elevane samarbeide, dei må fordele ansvarsområde og dei må ta avgjerdsler ilag. Der ligg det også mykje god trening! Alt i alt ser vi at dette er ei god investering i skulekvardagen, smiler Fiskerstrand.
Bilete 3