Hausten 2020 tek Møre Ungdomsskule imot dei første elevane på barnetrinnet. Finansiering og planer for nytt skulebygg er no klart.

Møre Ungdomsskule utvidar og startar barnetrinn. Hausten 2020 starter 1. og 2. trinn opp, og så vert barnetrinnet gradvis utbygd med eit nytt trinn kvart år til alle 7 trinna er oppe og går. Skulen har plass til 30 barn i kvar klasse, men i finansieringsplanene er det lagt inn 15 elevar pr. trinn.

Teikningar og finansiering for eit nytt skulebygg er nå klart. Bygget vil stå klart til skulestart hausten 2020, og har ein finaniseringsramme på 32 millionar.

I tillegg til dei praktiske tinga med skulebygg m.m. arbeider skulen no med alt det andre som må på plass. I desse dagar er stillinga som prosjektleiar for oppstart av barnetrinnet lyst ut.

Elevopptak vil skje fortløpande med å kontakte skulen.