20130905-155919.jpg

I ytre bydel i Ålesund bur det 8.000 menneske

På Aspøya, i Skarbøvika og på Hessa bur det minst 8.000 menneske. I desse bydelane er det lite kristent arbeid. Vi i Sunnmøre Indremisjon trur at vi har eit kall til å nå folk i denne bydelen. Er du interessert i å starte nytt arbeid her saman med oss?

Vi er på jakt etter folk som bur i denne bydelen og som brenn for at evangeliet skal nå ut til fleire her. Sunnmøre Indremisjon ynskjer å tilsette ein medarbeidar som kan få som arbeidsoppgåve å plante nye fellesskap. Men dette er ikkje einmannsarbeid, det må gjerast i team med andre. Særleg ynskjer vi å nå barn og unge og unge familiar.  Difor ynskjer vi å kome i kontakt med folk som både kan tenkje seg å vere frivillige eller ha dette som jobb. Her bur det mange som ikkje kjenner Jesus og vi vil gjerne nå dei med verdas beste bodskap, evangeliet om evig frelse i Jesus Kristus!

Vil du vere med på dette? Ta kontakt med oss i Sunnmøre Indremisjon:

mob: 915 95050

Mail: ka.austnes@imf.no

 

Karl Arne Austnes

Krinsleiar