‘Mange vil tru at økonomi er det som i størst grad avgrensar oss i arbeidet vårt. Mi oppleving er at utfordringa er på eit anna område.
Som borgarar av verdas rikaste land burde ikkje økonomien vere ei avgrensing. Ei enkel utrekning viser at om berre 500 menneske gir tiende av inntekta si (10 % av kr 400.000,-) vil det gi 20 millionar kr til misjonen. Så grunnlaget for at misjonsorganisasjonane i Norge skal få dei inntektene dei treng er stort! Eg trur at det er langt fleire enn 500 menneske som kjenner seg knyta til indremisjonen på Sunnmøre, inntektspotensiale er stort om vi evnar å bygge tillit og identitet til bevegelsen vår.
Kva er så problemet, eller utfordringa som det vel meir «politisk korrekt» heitar? Eg trur noko viktig handlar om rekruttering av nye leiarar og forkynnarar. Dei siste åra har det vore få unge frå Sunnmøre som har meldt seg til teneste. Vi har ei tid arbeidd med å få nye medarbeidarar på plass, både i nybrotsarbeidet i «Ytre bydel» Ålesund og som arbeidarar i forsamling og i området «Ytre søre» Sunnmøre. Dette har vist seg å vere vanskeleg, særleg å finne ungdommar frå Sunnmøre.
Kvifor er det slik? No kan det sjølvsagt vere fordi vi ikkje har nødvendig oversikt og kjenner dei unge vi burde kalle inn i desse stillingane. Men eg trur ei viktig årsak er at vi ikkje har vore flinke nok til å motivere og kalle unge til teneste i misjonen. Og for vår del i Sunnmøre Indremisjon har vi ikkje vore flinke nok til å få ungdomane våre til å gå på bibelskulen vår på Bildøy! Er det ikkje like bra om dei går på DTS (disippeltreningsskule) eller på ein av dei andre bibelskulane då? Jau, vi gler oss over det! Og det viktigaste er at unge blir utrusta til å fylgje Jesus. Men tenk over det, om vi ynskjer å kalle unge menneske inn i indremisjonen sitt arbeid, er det ikkje då best at dei får si utdanning og utrustning på den institusjonen som kjenner organisasjonen best?
Difor treng vi både foreldre og leiarar i indremisjonen på Sunnmøre som motiverer ungdommane våre til å ta eit år på bibelskule, og særleg på Bibelskulen Bildøy Bergen. Bibelskule er viktig for danning av tru og liv. Bibelskule er viktig for utrustning og teneste. Bibelskule er viktig for at evangeliet skal bli gitt vidare til ein ny generasjon. Skal vi saman gjere eit krafttak for at mange ungdommar frå Sunnmøre fyller plassane på bibelskulen vår i åra som kjem?