Tor Ingvald LauvrakLaurdag 23. november kl 12.00 blir det nytt fritidsforkynnarkurs i Ålesund bedehus. Forkynnar i ImF, Tor Ingvald Lauvrak vil undervise. Temaet blir «Jesus lever!» Vi vil særlig invitere unge menneske til denne samlinga, vi treng å fornye forkynnarkallet inn i ein ny generasjon. Difor oppmodar vi leiarar lokalt til å ta med seg ungdommar som viser gåver og interesse for å vitne om Jesus til samlinga.