
4.-6. desember på Orreneset
Vi i Imf-ung Sunnmøre ønsker å utruste ein ny generasjon med leiarar! Denne helga gir eit intensivt kurs i rolla og oppgåva det er å vere leiar for barn og ungdom på leir og i den lokale forsamlinga. Målgruppa er ungdom mellom 13 og 18 år som ønsker å utforske eller gå inn i leiarrolla i framtida.
Kurset er denne gongen todelt, slik at nye leiarar kan ta grunnmodulen, medan dei som var med sist, kan bygge på. Fleire av undervisingsøktene vil også vere samla.
I løpet av grunnmodulen går vi gjennom tema som roller, grenser og sikkerheit, kristen tru, samarbeid, leirleiing og førstehjelp.
I påbyggingsmodulen jobbar vi med tema som formidling, kommunikasjon og konflikt, gruppeleiing og personlegheitstypar – i tillegg til at vi repeterer førstehjelp og jobbar vidare med samarbeid.
I tillegg vil vi bruke tid i lag på leik og moro, bibel og bøn, lovsong og fellesskap. Alt med mål om at ungdommane skal få bli tryggare i eiga tru og i rolla som leiar.
Det var veldig kjekt sist vi hadde leiarkurs, og vi håpar på å sjå både “gamle” og nye deltakarar denne gongen!
Ta kontakt ved behov for meir informasjon.

Velkommen til Mannshelg på Brusdalsheimen!
Hovedtaler: Lars-Petter Ødegård
Sang og musikk: Tor Rødset m/team og Adonai
Fredag:
18.30 Kveldsmat
19.30 Kveldsmøte:Sang ved Tor Rødset m/team
Laurdag:
09.00 Frokost
10.30 Bønn
11.00 Bibeltime
Tur m.m.
14.00 Middag
15.30 Kaffe
16.00 Seminar med Thomas Mulelid: «Kunstig intelligens i kristent arbeid – kva bør vi vite?»
18.00 Kveldsmat
19.30 Kveldsmøte: Sang ved Adonai
21.30 Kveldskos og avslutning
Påmelding:
E-post sunnmore@imf.no
Telefon 70 17 86 70
Vi inviterer alle frå heile kretsen til ei helg med mykje moro, input og fellesskap på Ålesund Folkehøgskole. Vi tør love noko for alle generasjonar, så her kan du ta med storfamilien og bedehusfamilien.
På fredag kveld held vi årsmøte for Imf Sunnmøre, og her kan vi anbefale alle som er engasjert i arbeidet til Imf på lokalt eller kretsnivå å delta. Her stemmer vi inn nytt kretsstyre, samtaler om arbeidet og får nyaste oppdateringar frå alle greinene i arbeidet til kretsen.
Laurdag blir det blir seminar og nettverkssamlingar for dei vaksne, medan både barn og ungdom får delta på aktivitetar og eigne Bibelsamlingar. Lunsj og middag kan ein kjøpe på folkehøgskulen eller ein kan ha med seg niste og grille ute. Om kvelden kjører vi først fellesmøte for ungdom og vaksne, (med film for barna samtidig) og ein lovsongskonsert til slutt – før ungdommane kan få overnatte på folkehøgskulen.
Søndagen ønsker vi å samle alle til generasjonsmøte på formiddagen, før vi held eit stort misjonstivoli etterpå! Der skal barne- og ungdomsavdelinga vere kreative og finne på stasjonar for einkvar smak – og for dei som likar litt forutsigbarhet, så kan vi avsløre allereie no at Lars-Petter skal vere blink for svampkasting, og at Miriam dreg fram sukkerspinnmaskina. Så dette kan du altså ikkje gå glipp av!
Vi oppfordrar alle forsamlingar og lag til å sette av den helga til å vere i lag på tvers av bedehus og generasjonar.

