Sondre Bårnes med familien sin blei presentert på Orrenesstevnet

Sondre Bårnes med familien sin blei presentert på Orrenesstevnet

Årets Orrenesstevne vart ein dag med mykje blide folk og med påfyll av både åndeleg og lekamleg føde.

Hør intervju med Sondre og Anbjørg Bårnes på Radio Sunnmøre her:

https://radiosunnmore.no/nytilsett-pa-orreneset-misjonssenter/

Laurdag kveld og natt til søndag regna det meir enn det hadde gjort i heile sommar, og mange lurte nok på om det var nokon som ville ta ut og reise til Orrenestevnet på søndag. Men søndagen kom med opphaldsvær og riktig mange hadde funne vegen til misjonssenteret vårt når stemnet starta kl. 1200.

I år var det Hilde Gjengedal og Gudron Longva som sto for songen og musikken, og dei fekk gje oss mykje godt både gjennom eigen song og i frisk og god allsong saman med forsamlinga.

Leiar i ImF-Ung Sunnmøre, Randi Fagerhol Lauvås leie begge møta og nytilsett arbeidar i krinsen, Arild Ove Halås (tidlegare krinsleiar i Nordmøre og Romsdal Indremisjon) tala Guds ord. På føremiddag tok han utgangspunkt i paragraf 1 i den første innstruksen for personalet ved Rauma Ungdomsskole (i dag Molde Folkehøgskole) og knytte denne til Jesu ord i Johannes 15 om vintreet og greinene. På ettermidag tala Halås om når Jesus stilla stormen på Genesaretsjøen, og minte om at Jesus er med oss både i gode og vonde dagar.

Dagleg leiar på Orreneset, Annbjørg Bårnes fikk presenterte sin yngste sønn Sondre, som er den nye arbeidaren på misjonssenteret. Saman med familien har han flytta frå Egersund til Sunnmøre og teke til i 100 % stilling som kokk og altmuligmann på Orreneset. Sondre og familien fekk ein fin blomst frå Sunnmøre Indremisjon.

Samstundes takka Annbjørg Signe Bjørnestad for stor innsats som frivillig medarbeider de siste 11 årene, og alt arbeidet har ho gjort på fritida. Som Annbjørg sa;  «vi hadde ikkje klart oss utan deg».

At Sondre Bårnes er utdanna bakar fekk forsamlinga både sjå og smaka da det etter kjøttkakene vart dekka eit fantastisk kakebord, kor Sondre hadde baka alt saman.

Vi takkar for ein fin dag på Orreneset. Vi minner også om at Orreneste nå både har eiga heimeside www.orreneset.no og er aktive på Facebook. Er du på Facebook så gå inn og lik Orreneset så får du med deg det som skjer der.

(Dobbeltklikk på første bilde, så får du dei opp i stor versjon og med bildetekstane)