Svært mange møtte opp og deltok i fakkeltoget som vart arrangert i Ålesund til støtte for forfulgte kristne rundt om verda. Olaug BJørke frå Åpne Dører har sendt oss tekst og bilder.
Mandag, 5.november var nærare 400 med og gjekk i tog i Ålesund, til støtte for barn og unge i den forfulgte kyrkje. I nydeleg haustvêr var det først oppmøte på Kiperviktorget, der Ungdomskoret Respons åpna det heile med glad og frisk song. Deretter presenterte Linda Askeland, Åpne Dørers informasjonleiar, oppropet for årets fakkeltog. Det same oppropet har blitt lest opp på alle dei 11 fakkeltoga rundt omkring i landet, og i Oslo vart det overlevert til utanriksministeren utanfor UD. Oppropet hadde fokus på årets tema for fakkeltoget, som var barn og unge.
I Ålesund var vi så heldige å ha Flora (19) som gjest. Ho kjem opprinneleg frå Irak, men har budd 8 år i Noreg. På flytande sunnmørsk let Flora stemma si lyde utover torget. Ho fortalte om korleis det var å vekse opp i Irak, som forfulgt minoritet i ein arameisk familie. Til slutt fekk familien valet mellom å konvertere til islam, bli drept eller flykte. Dei forlét Irak, og søkte ly i Syria medan far starta på den farefulle reisa mot Europa. I to lange år var familien adskilt, og Flora skildra kor tøft det var for mor å vere åleine på flukt med to små jenter. I desse to mørke åra var det trua på Jesus som heldt dei oppe. Kvar kveld tente mora eit lys for å minne dei om at Jesus var der saman med dei, som lyset i mørket, og at det ville gå bra til slutt. Flora fortalte korleis dette Jesus–lyset fekk dei til å halde motet oppe, heilt til dagen då dei endeleg fekk kome til Norge og møte far igjen. Etter Floras gripande appell, tentes fleire hundre faklar medan songen «This little light of mine» lydde utover byen. Eit langt tog fylte Ålesunds gater med lys og varme. Det var folk å sjå i alle aldrar; barn og unge, vaksne og eldre.
I etterkant av fakkeltoget var det ei tverrkyrkjeleg samling i Ålesund kirke. Her deltok Respons med meir song, og Arild Berstad med team leia lovsongen. Det var fantastisk då «Deg være ære» lydde frå dei fleire hundre frammøtte. Det er ein som er Herre over døden, og over mørkets krefter. I kyrkja fekk vi bli betre kjent med Flora, og ho var også med på tekstlesinga. Særleg sterkt var det å høyre henne lese på arameisk om Jesus som er verdens lys (Joh. 8,12) Linda Askeland heldt ein gripande tale, og delte fleire historier frå barn og unge som blir forfulgt for trua si. Det var både utfordrande og inspirerande å lytte til Linda. Mot slutten var representantar frå ulike kyrkjer og organisasjonar med på «Forbøn for forfulgte», medan nokre jenter fylte globen med små lys frå det store Kristus-lyset. Måtte Jesus lyse i mørket for våre forfulgte søsken!
ImF Sunnmøre var også dette året med og støtta opp under fakkeltoget, noko Åpne Dører er svært takknemleg for. Områdeleiar Olaug Lillian Bjørke takkar for alt engasjement for årets fakkeltog i Ålesund!
(Klikk på første bilder for gallerifunksjon – større bilde og tekst)