Borgund Folkehøgskule er hundre år i år og helga 27. – 28. september blir dette feira med jubileumsfest og jubileumskonsert.

Folkehøgskulen vår har ei spennande historie som går meir enn hundre år tilbake.  Diktarpresten N.F.S. Grundtvig frå Danmark er rekna som folkehøgskulen sin far. Tanken hans var å få ein skule som var eit alternativ til puggeskulen, ein «Skule for Livet».  Desse tankane fengde i Norge og den første ungdomsskulen vart reist i Telemark i 1893 men då med meir kristelig liv i pakt med vekkingsrørsla som gjekk over landet vårt i den tida.

 Til Sunnmøre kom «puffet» til å reise ein kristen ungdomsskule frå Trøndelag. Sunnmøringen Gudleik Kalsnes kom frå Fredly Ungdomsskule og vart første rektor på Sunnmøre Ungdomsskule i 1908, i leigde lokalar i Ulsteinvik. Denne skulen eigde Sunnmøre Indremisjon saman med Ungdomsforbundet og den er fortsatt i drift i Ulsteinvik, no som Sunnmøre Folkehøgskule.

 Det kom tidleg til usemje om tomteval og stad for skule. Nokon ville bygge i Ulsteinvik medan andre ville flytte til Borgund.  Kalsnes braut då opp og kjøpte tomt i Nørvasundet og starta opp Møre Ungdomsskule på privat basis. Sunnmøre Indremisjon skilde lag med Ungdomsforbundet og var ikkje lengre skuleeigar. Likevel heldt skuletanken seg varm i organisasjonen og då Kalsnes omkom i ei bilulykke i august 1936 stod krinsen klar til å ta over skulen. Sidan har Sunnmøre Indremisjon vore eigar av ungdomsskulen som seinare flytta til Hatleholen og fekk namnet Borgund Folkehøgskule.

Kva har so skulen betydd i alle desse åra? Det er uråd å vite, men vi veit at den har hatt stor påverknad på livskurs og livssyn for mange. Vi kan rekne med at minst  7.500 ungdomar  har vore elevar på skulen vår gjennom desse hundre åra. Det er eit formidabelt tal som viser at mange har møtt kallet til frelse og til teneste for sin Herre og sin neste og fått livet forandra etter eit år på Møre eller Borg.

Kva så med framtida? Skulen står fram som ein livskraftig hundreåring. I jubileumsåret har vi gleda av å ynskje meir enn hundre elevar velkomne til Borg. Eit dyktig personale og  godt vedlikehaldne  skulebygningar står klar til vidareføre visjonen om at Borgund Folkehøgskule skal vere ein skule for Livet! Men skulen treng eit misjonsfolk som står bak i offer og bøn. Difor vonar vi at mange vil ta turen til Borg denne jubileumshelga  og at mange vil gi skulen ei stor jubileumsgåve. Sist, men ikkje minst. Be om at skulen fortsatt får vere til velsigning for ungdomen i Norge.