Aksjon FGS 2017Sunnmøre Indremisjon drive eit mangfaldig  arbeid, men økonomien er utfordrande. Vi er takksame for alle som gir oss gåve, men det hadde vore veldig flott å få auka fastgivartenesta.

Takk til alle som har vore med på denne dugnaden!

Skjema for fastgivarteneste finn du HER: Skjema FGS SIM


Vi har tru på at vi skal få inn så mykje at vi kan behalde dei personane vi har i ImFUng Sunnmøre i dag. Vi har no 2,4% stillingar. Desse er ute på lagsbesøk, er på leir, undervise konfirmantar, og har no storsatsing på det nye barne- og ungdomsopplegget til ImF, Awana. Vi trur at dette vil vere med på å nå endå fleire born og unge med evangeliet, og ikkje minst, få bevart og engasjert dei gjennom ungdomsåra og inn i vaksen alder!

Fint om DU vil vere med på denne dugnaden!