Heitmann-Stig-Magne[1]

Stig Magne Heitmann

Søndag 3. november får Sunnmørskirka besøk av rådgiver i Åpne Dører Norge, Stig Magne Heitmann. Han har tidlegare vore generalsekr. i den same organisasjonen og kjenner godt situasjonen til forfølgde kristne. Vi oppmodar alle til å kome til Sunnmørskirka i Ålesund bedehus kl 12 denne dagen.

Er det nokon som ynskjer besøk av Stig Magne på sitt lokale bedehus for å ha eit møte med fokus på den forfølgde kyrkja er det mogleg å få besøk av han på fredag, laurdag eller søndag kveld same helga. Ta kontakt med krinskontoret på tlf 70 17 86 70 eller mail: sunnmore@imf.no om de ynskjer besøk. De kan også ta kontakt med krinsleiar karl Arne Austnes direkte, tlf 915 95050 eller mail:  ka.austnes@imf.no

Lat oss saman gjere dette til ei helg der situasjonen til våre forfølgde søsken i trua kjem i fokus for våre bøner og vårt arbeid.