I år vart årsmøtet for krinsen vår avhalde seinare enn nokon gong, grunna corona-situasjonen. Men om kvelden tirsdag 22. september møtte godt og vel 70 utsendingar fram på Brusdalsheimen.

I år var det kun vanlege årsmøtesaker som blei handsama. Dei ulike årsmeldingar og rekneskap for 2019 vart gjennomgått og vedteke. ImF Sunnmøre har eit stort og omfattende arbeid med sine 14 underavdelingar.

Det vart ellers gjeve ei orientering om arbeidet med Sjøholt Folkehøgskole som nå er komen i gang igjen.

ImF Sunnmøre skal oppnemne ei arbeidsgruppe på 8 personar som skal gje vårt bidrag inn i ImF sitt strategiarbeid for framtida. Årsmøtet gav krinsstyret fullmakt til å finne personane i denne gruppa.

Oddbjørn Brunstad, Daniel Haugland og Jan Ivar Stokset vart takka av som medlemmar i krinsstyret.

Brusdalsheimen fekk ei gåve på kr. 300 000,- får ImF Sunnmøre i 60-års presang, og gåva vart teken imot av styrarparet Hilde og Arvid Lukkedal.

Det nye krinsstyret består nå av Helge DImmen (ny), Ole Per Storhaug (ny), Jan Løkkeborg (ny), Solfrid Ulstein Riise, Ståle Tønnessen, Leif Steinar Alnes og Linda Austnes.

Oddbjørn Brunstad vart takka av for åra som formann i krinsstyret og fekk overrekt blomar frå krinsleiar Johan Halsne (biletet).

Den åndelege delen av årsmøtet (om det kan seiast slik) sto Marit og Irene for med song og andakt.