Leirsjef Jostein Mulelid ynskjer velkommen første kvelden av 60 +

Den årlege  seniorleira på Brusdalsheimen er over for denne gong. Hilde Giske Lukkedal har sendt oss eit referat frå leirdagene.

20.-23. august var cirka 25 personer samla til 60 + leir på Brusdalsheimen. Jostein Mulelid var leirsjef og Gunnar Prestegård var hovedtaler. Arild Ove Halås talte på ei kveldssamling og hadde ein bibeltime. Ulike sangkrefter tok del på kveldsmøta, og krinsleiar Johan Halsne var med på festkvelden. Møta varåpen for alle, så ein del kom til enkeltmøter, spesielt om kvelden.

Både det sosiale og det åndelige fellesskapet er viktig på ei slik leir. Godt å få lytte til god forkynning, få dele vitnesbyrdet og nattverdsmåltidet med kvarnadre.

Samtalen rundt gode måltid og kaffekoppen er viktig. Stemninga var god og latteren runge høgt utover kveldstimane.

Som tradisjonen er på slike leirar var det tur også i år. Denne gangen med buss og ferje til Lepsøya. Der tok Annbjørg og Andreas Hellevik imot oss. Lunsj på bedehuset og omvisning der før vi fortsatte med rundtur på øya og besøkte prestegarden og museet i kjellaran. Det var sol og flott ver så dette vart ein fin og opplevelsesrik dag. Mange var på Lepsøya for første gong.

Vi takkar for gode og rike dagar og flott fellesskap. Så er det berre å sette av dagene i veke 34 til neste år.