ImF Sunnmøre er ein av krinsane innanfor Indremisjonsforbundet. Vi driv eit aktivt arbeid på lokale bedehus. ImF Sunnmøre har mange underavdelingar. Vår visjon er å byggje aktive kristne fellesskap med base i bedehusa på Sunnmøre. Vårt formål er å formidle evangeliet om Jesus. Vi ynskjer at menneske skal få eit møte med han. Det må påreknast noko arbeid i helg og kveld. Kontoret vårt ligg i Spjelkavik i Ålesund kommune.
Stillinga er omfatta av unntaka i likestillings- og diskrimineringslova § 9 og § 30, 3. ledd.
Du kan lese meir om oss på www.imfsunnmøre.no og www.imf.no
KVEN SER VI ETTER?
Vi søkjer ein person med gode samarbeidsevner og gode relasjonar til tilsette og frivillige i inntil 100% stilling. Krinsleiaren må vedkjenne seg bevisst kristen tru, og vere ein truverdig representant for ImF sitt grunnsyn, verdiar og visjonar. Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.
ØNSKA KVALIFIKASJONAR
- Erfaring og kompetanse med personalarbeid
- Ein raus og inkluderande leiarstil som vektlegg samarbeid og relasjonar
- Kjennskap til og erfaring frå bedehusarbeid vil vere verdifull kompetanse til stillinga
- Høg arbeidskapasitet
- Forståing for økonomi, rekneskap og administrasjon er ein fordel
Stillinga lønnast etter avtale med utgangspunkt i ImF sitt lønnsregulativ.
Spørsmål om stillinga kan rettast til krinsleiar Johan Halsne på telefon 90642479
Søknad med CV sendast til sunnmore@imf.no
Søknadsfrist 1. september 2025