Generalsekretær Erik Furnes og Aalesund Soul Children blir med på storsamling 2.søndag i advent 7.desember på Borgund Folkehøgskule. Dette er tredje året Sunnmøre Indremisjon og Sunnmørskirka inviterer til Storsamling i festsalen på Borgund Folkehøgskule. Målet er å samle folk frå heile Sunnmøre til fellesskap og inspirasjon i arbeidet for Jesus Kristus.
Det er med stor glede vi tar imot 100 barn og unge i Aalesund Soul Children og Aalesund Soul Teens, dei vil sørge for frisk og god sang og musikk.
Borna får eige opplegg i den nye Borghalle under talen. Her får dei bibelundervisning, song og aktivitetar, og når Storsamlinga er slutt kan dei boltre seg med leik og moro i hallen.
Generalsekretær i ImF Erik Furnes vil tale Guds ord og områdearbeider for Åpne Dører på Sunnmøre, Olaug Bjørke vil fortelje om forfulgte kristne sin situasjon.
Etter storsamlinga blir det sal av middag med familievennlege priser.
Vi ønskjer alle hjarteleg velkomne til ei inspirerande storsamling og håpar mange vil finne vegen til Borgund Folkehøgskule denne dagen!