Vi ser fram til å møte akkurat deg på årets Sommartreff! Dette er storsamlinga for «bevegelsen» Sunnmøre Indremisjon. I samarbeid med Møre Herøy barne- og ungdomsskule og lokalforeiningane i Ulsteinvik og på Remøy har vi lagt til rette for det praktiske. Sommartreffet skal ha ein tydeleg familieprofil. Vi gler oss over å ynskje Andreas Nordli, dagleg leiar i Ungdom i Oppdrag Norge velkomen som talar. Først og fremst treng vi Herrens velsigning. Be for samlingane, at Han må møte oss i sitt ord og ved sin Ande.
Velkomen til årets Sommartreff frå bygd og by!
Karl Arne Austnes, krinsleiar