Før helga vart det kjent at bispemøtet har vedteke med 8 mot 4 røyster å opne opp for vigsel av homofile og lespiske.
Sjølv om dette ikkje er overraskande er det like fullt skuffande. Eit slikt syn har ikkje grunnlag i skrifta og må difor avvisast som rett lære etter luthersk tenking. Det at vi i indremisjonen har dette synet handlar ikkje om at vi fordømer menneske med ei homofil legning, men at vi held fast på bibelens ord om at menneske er skapt som mann og kvinne. Det er berre om dette samlivet det er sagt at dei to skal vere eitt. Naturen sjølv vitnar om at dette samlivet er spesiellt, det er berre samlivet mellom mann og kvinne som kan føde barn. Difor har Gud lagt bindingar i mor-far-barn aksen, som menneske er kalla til å halde fast på.
I tilegg er N.T. klar på at når menn eller kvinner lever saman med eige kjønn på same måte som kvinne og mann lever saman i ekteskapet, så er dette synd (1. Kor 6, 9-10).
Korleis skal vi i indremisjonen forhalde oss til dette? Det er lett å bli trøytt og lei av heile debatten, bli mismodig og såra. Nei, vi har ingen grunn til å bli mismodig, no er det viktigare enn nokon gong å bygge livskraftige forsamlingar på bedehuset. Forsamlingar som våger å vedkjenne seg heile Guds ord og som vil leve menneske nært. Dette er vårt kall og dette vil vi med frimot stå i så lenge Herren vil bruke oss i si teneste.