Under årets krinsårsmøte 22. september vart det overrekt ei jubileumsgåve på kr. 300 000,- til Brusdalsheimen.
Brusdalsheimen er 60 år dette året, men grunna corona-pandemien er feiringa flytta til våren 2021. Krinsstyret hadde vedteke å gje ei gåve på kr. 5000,- for kvart år som har gått sidan starten. Hilde og Arvid Lukkedal tok imot gåva på vegne av leirstaden.