Johan Halsne som fyller 61 år i februar, har etter eige ønske beslutta å gi seg som krinsleiar i ImF Sunnmøre, Johan skal starte som krinsleiar i ImF Rogaland frå 1.september 2025.

Johan har vore krinsleiar i ImF Sunnmøre frå 2015. Det å skulle reise frå Sunnmøre gjerast ikkje med lett hjarte, men ei avgjersle som Halsne og kona Aud har vurdert over lengre tid.

Johan har fått utretta svært mykje den tida han har fått vore krinsleiar i kretsen og vil bli sakna av kollegaer og misjonsfolket. Vi er svært takksame for alt arbeidet han har fått gjort for ImF Sunnmøre.

Hør intervjuet Johan har gjort med Radio Sunnmøre: https://radiosunnmore.no/sluttar-som-krinsleiar-i-imf-sunnmore/