Frå 01.01.2016 vert Janne Støbakk ny administrasjonsleiar i Sunnmøre Indremisjon.
Sidan 2002 har Janne Støbakk vore tilsett i Sunnmøre Indremisjon. Ho arbeider i dag som kontorfullmektig i 80 % stilling. Ho kjem til å ha same oppgåvene som i dag, i tillegg til nokre fleire, seier Johan Halsne.