20140102-205747.jpg

Formann i forbundsstyret, Sverre Dag Ljønes heldt opningstalen

Omlag 120 arbeidarar i ImF er i dag, torsdag 2. januar 2014 samla til arbeidarmøte på Bildøy bibelskole. Møtet varer fram til søndag 5. januar.

Formann i forbundsstyret, Sverre Dag Ljønes heldt opningstalen.  Han kommenterte mange aktuelle saker og la særleg vekt på at det er viktig at vi som indremisjonsbevegelse våger å halde fast på bibelen som Guds ord.

Konsulent i Bibelselskapet, Hans Johan Storrrusten skal halde bibeltimar. Tema er bibeltillit og bibelglede.

Lege Sven Weum vil undervise om åndelligheit og menneskesyn i alternativ medisin og vi får eit «Tett på»-møte med Kjetil Klungland, son til politimannen som vart drept i Nokas-ranet.

6 sunnmøringar er med på årets arbeidarmøte og ser fram til inspirerande og gode dagar på Bildøy.