Bilde frå årsmøtet i SIM 2017 3

Arild Berstad med team

Under mottoet «Steg vidare» arrangerte Sunnmøre Indremisjon sitt årlege sommartreff på Borgund Folkehøgskole i helga. Det starta fredags kveld med konsert. Laurdag var det årsmøte med nær hundre utsendingar, og søndag var det misjon og familien som stod i fokus under samlingane. Stemnetalar var Espen Ottosen frå Norsk Luthersk Misjonssamband.

 

Konserten fredags kveld vart ein fin start på årets sommartreff. Den kjende songaren Arne Parelli deltok med vakker solosong til eige akkopangement. Av lokale krefter deltok ekteparet Jan og Ragnhild Huse, og Arild Berstad med band og songarar frå Emblem bedehusforsamling. Dei frammøtte fekk lytte til variert sang og musikk – frå gamle og velkjende bedehussongar til moderne lovsongar. Eit gjenhøyr med kjære leirsongar frå Brusdalsheimen på syttitalet sette ein ekstra spiss på konserten.

Laurdag møttes utsendingar frå alle indremisjonsforeiningane på Sunnmøre til årsmøteforhandlingar og samtale om arbeidet på dei ulike bedehusa rundt om på Sunnmøre. Det som særkjenner Sunnmøre Indremisjon er dei mange underavdelingane som driv barnehage, leirplassar, barne- og ungdomsskular, folkehøgskule, nærradio, reiseselskap og gravferdsbyrå. Totalt så har Sunnmøre Indremisjon over hundre personar tilsett i verksemda si. I tillegg kjem alle dei som på frivillig basis er med i ulike styre og komitèar. Årsmelding og rekneskap vart godkjende. Under valet til krinsstyret vart Kolbjørn Gjære frå Ørskog vald inn i styret. Ellers vart det attval på Leif Steinar Alnes (Godøya), Solfrid Ulstein Riise (Ulsteinvik),  og Ole Bjørn Vik (Skodje). Vararepresentantar er Jan Ivar Stokset, Hans Magne Muren, Kåre Magne Remmen og Halvard Muren.

Laurdag kveld samlast over tre hundre menneske til misjonsfest. Espen Ottosen tala ut frå teksten i 1. Peter 2,4 – 10 som fortel kva vi som kristne er, kvifor vi er det og kva som er oppgåva vår, kva vi skal gjera. Bibelen seier at vi er eit hus av levande steinar, eit heilagt presteskap, ei utvald ætt. Deretter er vi fordi vi har fått miskunn frå Gud, og er kalla til å vera eit annaleis folk. Oppgåva vår i denne verda er å forkynna Guds storheit, eit oppdrag som er gitt til alle kristne, understreka Ottosen.

Søndag føremiddag var talen knytta til misjonsbefalinga i Matt. 28. Misjon er å dele ordet om Jesus i nære relasjonar og å dra langt bort til dei unådde folkeslaga, sa talaren. Misjonsbodet viser at alt misjonsarbeid har Guds velsigning over seg, avslutta Espen Ottosen.

Sommatreffet til Sunnmøre Indremisjon vart avslutta søndag ettermiddag med stort familemøte der forkynnar og forfattar Jarle Waldemar var det store trekkplasteret. Barnekoret SingIt frå Ellingsøya tok del med frisk og god song.

Are Bakke
-referent-

Bilde frå årsmøtet i SIM 2017 4

Barnekoret SingIt frå Ellingsøya