Nytt frå Langevåg Indremisjon

Lars Erik Nesseth er leder for styret i Langevåg Indremisjon

Det har vore årsmøte i Langevåg Indremisjon, og vi har fått tilsendt eit godt og fyldig referat fra verksemda i foreininga.

Laurdag 02. februar vart det halde årsmøte i Langevåg Indremisjon og dette var  foreininga sitt 126. verkeår. Møtet blei opna med allsongen «O Jesus åpne du mitt øye, så jeg får se hvor rik jeg er» , med påfylgjande andakt av eit av medlemane Reidun Løkkeborg. Den siste tida hadde ho tenkt mykje på Jesu liding på veg til krossen på Golgata. Vi kan lese i «påskeevangeliet» at dei næraste venane både sovna og nekta på kjennskap til  Jesus, medan han kjempa dødskampen «så sveiten rann som blod». I vår travle kvardag så sviktar også vi vår Frelsar. Men tenk at trass våre mange svik og nederlag så tok Jesus også mi og di synd og skuld med seg opp på krossen og gir tilgivelse for alle som trur på han.

«Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å bli Guds born, dei som trur på namnet hans». (Joh. 1,12) «Så vil ved korset eg standa, med undring eg ser; EG ER FRI! Eg skal ikkje døy eg skal leva, med Jesus til æveleg tid».

Ordstyrar og formann Lars Erik Nesseth losa dei ca. 40 frammøtte effektivt gjennom sakslista og derav dei velskrivne årsmeldingane til dei ulike underavdelingane:

Dei regelmessige møta som «Søndagsmøte»,  «Bønesamling», og «Bibel og Bøn» syner positive og stabile frammøtetal og får gode tilbakemeldingar. Forsamlinga har også videreført og fullført eit «Alfa»-kurs der tilbakemeldinga frå dei 12 deltakarane har vore overstrøymande. Fellesarrangementet «Syng med oss» blir framleis arrangert på bedehuset.

I tillegg til eigne temahelger har foreininga delteke på to felles møteaksjonar i Mauseidvåg, saman med andre kristne forsamlingar på Sula. Fem av medlemane har også delteke på Imf si leiarsamling i Bergen.

Heilt sidan 1989 har instrumenta etter IUF`s Ungdomsmusikk blitt lagra på bedehusloftet.

No har dei fleste fått «nytt liv» i slummen i Nairobi/Afrika, med hjelp frå organisasjonen «NSP aid» ; eit nytt korps er starta til stor glede for mange som bur der.

Søndagsskulen, som også held til på bedehuset, har fin vekst og svært dyktige leiarar som ynskjer å skape gode relasjonar både til borna og foreldre/besteforeldre og samstundes fortelje om  Jesus.

Dei musikalske «Sulagutane» imponerer stadig med høg aktivitet (og høg alder!) og har sunge i lag 43 gongar dette året, både lokalt og i nabokommunar.

Formiddagstreffet samlar framleis «stinn brakke» og er i jamn vekst, fleire av dei eldre vitnar om at dei har funne tilbake Gudstrua si.

Vår lokale og internasjonale pianist og musikkprofessor Jan Hovden gjer meir enn å spele piano. På eit av Formiddagstreffa viste han glimt frå hjelpearbeidet som han og kona Eva driv på Filipinene og viste ved seinere høve konkret korleis innsamla gåve hadde blitt brukt.

Langevåg Indremisjon har lang tradisjon for å gi økonomisk handslag til andre organisasjonar og har dette året gitt videre over 30 % av alle inntekter,» vi er og blir rikt velsigna» blei det sagt.

Den største gåva kr. 108 000,- blei gitt til fordeling innan «Imf Sunnmøre».

Årsmøtet støtta og det lokale næringslivet i form av smakfull biffgryte frå ei av øyas cateringbedrifter.

Økonomien til foreininga er god men styret la fram planar for oppstart av nødvendige kostbare oppgraderingar det komande året.

Val av styre og stell høyrer sjølvsagt med på eit årsmøte og det gjekk føre seg på raskt og sømeleg vis med dertil fine blomehelsingar til det avtroppande styret.

Nokre av medlemane fekk også ekstra takk for god og trufast  innsats; Liv og Magne Vågnes, Margrethe Aannø og Reidun Løkkeborg.

Det nye styret i Langevåg Indremisjon er:

Lars Erik Nesseth, Thor Hurlen, Trude G. Molvær, Margrethe Aannø og Britt Janne Vik

  1. vara Bjørn H. Tusvik, 2. vara Anne Grethe F. Molvær.

På årsmøtet:  Svein-Åge Tusvik