Sunnmøre Indremisjon sin eigen barnehage, Daggry på Valderøya er 40 år i år. Her får du eit glimt inn i kvardagen på Daggry.

Les kva styrar Kari Lise Nordstrand skriver:

Daggry barnehage vart starta opp av Sunnmøre Indremisjon 17.april 1978, med to avdelingar for barn 3-6 år. Det var den første barnehagen i Giske kommune. I 2003 vart barnehagen utvida med ei avdeling, og hausten 2017 flytta vi inn i heilt nytt bygg med 4 avdelinger; 2 for småbarn 1-2 år og 2 for barn 3-5 år.

Så det barnehageåret vi vart 40 år, vart eit heilt spesielt år. Etter å ha venta i mange år, så stod det endeleg eit heilt nytt flott og moderne bygg klart til oss, som vi fekk ta i bruk. Vi gledde oss stort over den nye barnehagen, som vi har fått vore med på å forma heilt frå starten, saman med arkitekten.

Vi har hatt eit spennande år, men også eit år med mange utfordringar. Vi skulle bu oss inn i nye lokaler, ha tilvenning for mange nye barn, og også tilvenning for dei gamle barna, bli kjent med mange nye foreldre, lage oss nye rutiner på det meste, nye tilsette skulle sette seg inn i jobben og bli ein del av miljøet vårt, telefoner og andre ting var ikkje på plass ved oppstart, og serviceavtaler på mange områder skulle på plass. Det har også vore fleire langtidssjukmeldinger pga operasjoner og alvorleg sjukdom, 4 av pedagogane har teke vidareutdanning medan dei var i jobb, og i løpet av året har vi hatt fire gravide her, med dei tilretteleggingane som høyrer med der. Det har vore mykje å forhalde seg til for personalet, og mykje dugnad og praktisk arbeid, så vi har merka at folk har vore slitne, noko som har resultert i ein del sjukefråver. Men vi har eit godt arbeidsmiljø, og dette har nok redda oss når det har røynt ekstra på. Vi har lært mykje gjennom denne prosessen, og no når vi har starta på det andre året i denne barnehagen, så har ting fått roa seg, vi har fått gode rutiner og vi trivast godt alle saman.

Og vi har hatt mange positive og gode erfaringer og hendingar dette året, det er dei vi vil tenke tilbake på, og bygge vidare på, og det har vore mykje glede og mykje givande arbeid oppi det heile. Vi har også hatt eit nært samarbeid med både eigar og kommune, som har støtta oss mykje i denne tida. Når det gjeld særskilte arrangement så har vi hatt offisiell opningsfest med innbodne gjester, og ein eigen fest for barna forrige haust, og i vår feira vi 40-årsjubileum med barn og personale. Ellers har vi mange arrangement gjennom året saman med barn og foreldre, som hausttakkefest, julefest, Ope Hus med salg av lodd og mat, avslutningsfest for året, dugnad, osv. Likevel er kvardagen og tida saman med barna den viktigste delen av jobben vår, og som vi har mest fokus på.

Rammeplan for barnehager gir føringer for kva norske barnehager skal jobbe med, og vi har forplikta oss til å gje eit tilbod med høg kvalitet. Vi skal gje barna det dei treng for å meistre livet sitt godt både no og i framtida, noko som inneber gode verdier som ansvar, respekt, omsorg, osv, vi skal gje basiskompetanse på ulike områder,  kunnskap om ulike fagområder, jobbe for at barna skal få eit godt sjølvbilete, og lære dei å fungere godt i eit fellesskap.  Det er mykje læring i barnehagen, og all læring skal skje gjennom leik og opplevingar. Barnehagen sitt særpreg er omsorg, leik, vennskap, læring og danning, og barnehagen vert rekna som det første steget i utdanningsløpet.

Vår barnehage har ein utvida kristen formålsparagraf, noko som betyr at vi legg særskilt vekt på dei kristne verdiane. Vi er ikkje søndagsskule, men det kristne innhaldet er ein naturleg del av kvardagen vår. Vi bruker mykje kristne barnesanger og barnebøker med barna, vi har kristen samlingsstund kvar veke med bibelfortelling eller kristen etikk, vi lærer bibelvers og bønner, og vi legg vekt på høgtidene. Haldningane våre i kvardagen skal gjenspeile det vi trur på, og samtidig skal vi ikkje skape splid mellom barnet og heimen, men formidle den kristne bodskapen på ein god måte. Vi har 72 barn her dagleg, som vi skal ta godt vare på. Vi vil gje dei gode verdier som dei skal få med seg vidare i livet sitt, vi vil lære dei om den kjærleiken som Bibelen viser oss, med Jesus som førebilete. Vi 25 som jobber her vil vere varme tydelege og kompetente voksne med mykje kjærleik til barna.

Daggry barnehage deltek i to ulike prosjekt saman med leiing og barnehager i Giske kommune og Sula kommune. Eitt prosjekt  går på implementering av rammeplanen (omsette den i praksis og kvardagen vår) og på leiarutvikling. Kompetanseteamet «Ringer i Vann» er rettleiarar for prosjektet. Det andre er realfagsprosjekt med fokus på naturfag, der vi jobber mykje ute i naturen med aktiviteter og læring, og vi har eit samarbeid med Atlanterhavsparken i Ålesund.

Barnehagekvardagen består av mykje leik inne og ute, omsorg og stell, 3 måltid om dagen, samlingstund og ulike aktiviteter, turdager, m.m. Vi har også eit eige barnehagekor, dette består av alle barn og voksne, og barna hos oss er veldig glade i sang og musikk.  Kvar veke er det også førskule-klubb for dei barna som går siste året i barnehagen, der det vert jobba med skuleførebuande aktiviteter.

Vi har verdens viktigste jobb, fordi vi jobber med å forme mennesker, dei er framtida og skal overta i samfunnet etter oss. Dette gjer jobben vår meiningsfull og verdifull. Vi har ei viktig rolle i barnas liv, og målet vårt er å gjere kvart barn til den beste utgåva av seg sjølv, i nært samarbeid med heimen.

Vi har ein flott barnehage som er tilrettelagt for å gje barn dei beste utviklingsmuligheiter, og vi har kompetente varme voksne i personalet, som gjer ein god jobb med barna og sørger for at vi alle har det godt i vårt fellesskap. Vi takker Gud for barn og voksne her, barnehagen, og den muligheita vi har til å nå barna med den kristne bodskapen, og vi veit at det gir ein ekstra kvalitet til innhaldet i vår barnehage!

Klikk på bildene for større versjon: