På det meste var 90 menn i alder frå 30 år til 80 år samla på Brusdalsheimen til mannshelg 18. og 19. januar.

Gunnar Ferstad 1

Gunnar Ferstad var taler på Mannshelg 2014

Bibelskulelærar på Bibelskolen Bildøy Bergen, Gunnar Ferstad var taler.  –Eg er ikkje komen hit for å halde ein god tale, sa Gunnar.  –Viss det er det du har forventning om vil du reise skuffa heim, men eg har eit ynskje om at minst ein av dokke får møte Jesus slik at han kan forandre deg. Om det skjer har ikkje denne helga vore utan nytte. Dette var den sterke appellen frå Gunnar Ferstad på opningsmøtet.

«Adam, kvar er du?» var det utfordrande temaet for helga. Gunnar tok oss med til fortellingane om både Adam, Samson og den bortkomne sonen for å sette det rette fokus på temaet.  –Kvifor blir vi så trøytte, var det utfordrande spørsmålet. –Er det fordi vi ber gudsbildet vårt, eller er det han som får bere oss? Kva vil det seie å vere ein sterk mann? Gjennom Samson sitt liv fekk vi ein ransakande bibeltime om grenser og begjær, om å gjere feil, om å påføre andre smerte og om vi har nokon vi lyttar til.  –Sterke menn er avhengig av nåde, var utfordring og konklusjon! På festmøtet laurdag kveld teikna Gunnar eit sterkt og varmt bilde av Gud som far og det var ei fin oppleving då forsamlinga på slutten av møtet saman gjekk til forbøn og vigsla liv og teneste til Jesus Kristus.

Filmen «Courageous», bowling, Valderøykvartetten, god mat og tid til fellesskap og prat var andre ingrediensar som gjorde dette til ei svært vellukka helg. Ikkje minst var det flott å sjå at ein del yngre menn kom og var med på Mannshelg. Få ting har større betyding i Guds rike enn når menn saman tek ansvar for familie og forsamling.

Vi har alt begynt å glede oss til neste Mannshelg. –Årets høgdepunkt, var det fleire som sa om denne helga. Kjem du?