Årsmøte ImF Sunnmøre

Rundt 70 utsendingar møtte til årsmøte for ImF Sunnmøre på Sjøholt Folkehøgskule tirsdag 14. september. Etter eit ordinært årsmøte fekk forsamlinga ei stor overrasking til slutt i møtet.

Tekst og foto: Ragnhild Kristine Vartdal Espelund

Dei frammøtte ved årets årsmøte i Sunnmøre ImF fekk oppleve den flotte Sjøholt Folkehøgskule tysdag 14. september. Årsmøtet såg ut til å bli eit ordnært årsmøte, før generalsekretær Erik Furnes la fram ein enorm kostnadsprekk på budsjettet til skulen og ba årsmøtet selje leirstadane i krinsen for å dekke delar av kostnadane.

Årets årsmøte såg ut til å bli eit ordinært årsmøte for Sunnmøre ImF, då 77 utsendingar var samla tysdag 14. september på Sjøholt folkehøgskule. Nye styremedlem vart klappa inn i krinsstyret, og gamle vart takka av. I tillegg fekk Arvid Lukkedal takk for si vel tjue års reise tilsett på Brusdalsheimen leirstad, og Marit Vingen fekk takk for si lange og tru teneste i 44 år som tilsett i Sunnmøre ImF.

Det nye krinsstyret i Sunnmøre ImF er: Leif Steinar Alnes, Linda Austnes, Odd Kåre Nålsund, Mathias Riise, Helge Dimmen, Jan Løkkeborg og Ole Per Storhaug. Varamedlem er: Knut Aarsund, Marit Sæverud Nybø, Kåre Magne Remmen og Reidar Halvard Muren.

Avrunda med informasjon frå sentralt hald

Det heile vart avrunda med ein informasjonsbolk ved generalsekretær i Indremisjonsforbundet (ImF), Erik Furnes, om ei omorganisering som ImF no har halde på med sidan dei to siste åra. Denne prosessen føregjeng i dei ulike krinsane i mindre grupper, og skal samanfattast til kva retning ImF skal gå under Generalforsamlinga i 2023.

I tillegg avslutta Furnes med å fortelje frå eigarstyret til den nye Sjøholt Folkehøgskule, som nyleg har fått ei enorm kostnadsoverskriding på eige budsjett. Budsjettet var etter nye og reelle prosjekteringar starta på 65 millionar for eit par år sidan, og kostnadane på prosjektet er i august 2021 kome på 103 millionar kroner. Det som moglegeins kom som ei endå større overrasking frå Indremisjonsforbundet og eigarstyret til folkehøgskulen, var å be årsmøtet om å vedta eit sal av ein eller fleire leirstadar for å dekke inn noko av kostnadane til skulen. Det vart ikkje lagt opp til samtale etter at forslaget vart lagt fram, men møteleiar avrunda på ein roleg måte årsmøte ved at forslaget er teke til orientering og skal takast med vidare.

Neste årsmøte vert i 2022 på Ålesund Folkehøgskule.