Kva skal eg stemme ved valet og skal eg i det heile stemme? Mange går og grubler på desse spørsmåla no i dagane før valet. Som åndeleg leiar vil eg ikkje ta partipolitiske standpunkt. Kristne menneske er fri til å gjere eigne partipolitiske val ut frå eiga overbevisning og samvit.

Likevel vil eg oppmode om at partia sine program vert studert og at dei vert målt opp mot kristne verdiar. Spørsmål om menneskeverd vil vere dei viktigaste her. Kva seier partia om abortlova, om bioteknologi og om livsrett i livet sin sluttfase. Familiepolitikk og forholdet til ekteskapslova handlar også om grunnleggande kristne verdiar. Oss i Sunnmøre Indremisjon er spent på kva rammevilkår friskulane får og det er difor viktig at vi får ein politikk for framtida som legg til rette for kristne friskular. Forvaltning av skaparverket, ein god politikk for å ta vare på miljøet vårt og hjelp til verdas fattige er etter mitt syn også viktige område å ta omsyn til.

I 1. Tim 2,2 blir vi oppmoda om å be for kongen og alle i leiande stillingar, difor er det viktig at vi også ber for Stortingsvalet.  Be om at landet vårt får leiarar med respekt og syn for kristne verdiar som kan styre med rettferd og visdom til beste for innbyggarane våre.

Under finn du lenke til ein interessant artikkel om temaet frå Dagen i går.

http://www.dagen.no/2013/09/02/kristenliv/samfunn/innenriks/politikk/162363

Godt val!

Karl Arne Austnes

Krinsleiar