SkuleelevMåndag 26.januar kom godkjenning frå utdanningsdirektoratet. Skulen har fått godkjenning for 195 elevar, 1.-10.klasse. Styret for skulen arbeider no for fullt for å få etablere friskulen i Digerneset Næringspark, og planen er å ha klart eit skuleanlegg oppbygd av modular til skulestart i august.

Framdrift Skulen søkjer i desse dagar etter personale til skulen. Søknader frå elevar, som ynskjer å ta til på skulen, kjem inn kontinuerleg. Det er enno ikkje fastsett søknadsfrist, så den vil ligge eit stykke fram i tid.

Innhaldet i skulen
Sunnmøre Indremisjon, som også står bak Borgund Folkehøgskule, Møre ungdomsskule i Ålesund og Møre barne- og ungdomsskule i Herøy, er eigar av skulen. Skulen er ein kristen friskule. Fagleg betyr det at skulen vil ha meir fokus på kristendomskunnskap og kristen etikk enn det er i den offentlege skulen.

Organisering
Skulen er godkjent for 195 elevar. Fylgjande ligg bak dette elvetalet: 15 elevar på kvart årstrinn i barneskulen og 30 elevar pr. trinn i ungdomsskulen. Skulen forventar elevar både frå Haram og Ørskog i tillegg til elevar frå Skodje kommune, og elevar frå Ålesund kommune, som ikkje får plass ved Møre Ungdomsskule i Hatleholen.

I oppstartsåret er det plan å ta inn elevar på alle klassetrinn i barneskulen og i 8. og 9. klasse i ungdomsskulen. Skulen vil i starten bli organisert som fådelt skule, truleg ei 4-deling på barnetrinnet.

Som skuleeigar ser Sunnmøre Indremisjon fram til eit nært og godt samarbeid med vertskommunen, Skodje kommune, og forventningane er at denne skulen skal vere eit pluss i skulekvardagen både for elevar, foreldre og Skodje kommune- og for aktiviteten i Digerneset Næringspark.

Pressekontakt: styreformann Odd Asbjørn Nyvø, tlf. 40293641