Tur med Radio Sunnmøre og Plussreiser

Laurdag 22. august går turen til Flofjellet. Ein nydeleg tur for deg som er glad i å gå tur og som samstundes vil vere med på årets radiotur.

Det blir dagstur med Radio Sunnmøre og Plussreiser over Flofjellet laurdag 22. august. Turteamet som er med er Aud Kindervåg Halsne, Kjell Harald Otterlei, Arild Ove Halås og Ragnhild Kristine Vartdal Espelund.

Turen startar med buss i frå Moa kl. 09.10. Turen går via Magerholm, Sykkylven over Strandafjellet og til Hellesylt. Her startar vi på Flofjellvegen som går mellom bygdene Vollset i Sunnylven og Flo i Stryn. Dette er ein gamal ferdselsveg som er teken godt vare på, og som er mykje brukt av fastbuande og turistar. Dette er eit fantastisk turområde for det meste på grusveg, med berre nokre parti med stein. Frå Vollset til toppen av Flofjellet er det svak stigning, 212 høgdemeter. Frå Flofjellet og ned til Flo bygda er det bratt nedstigning. Turen er 10 km lang og passar for deg som trimmar, men du treng ikkje å vere supersprek. Superspreke kan også starte med å springe over fjellet, og igjen kome mosjonistane i møte.

Flofjellvegen har ei lokalhistorie. Gardane på Vollset og Brekke soknet til Innvik og Stryn prestegjeld. Så dette var den lange kyrkjevegen i gamle dager. Vegen vart også brukt som postveg, friarveg og handelsveg. Det er nydeleg natur på Flofjellet, frå det beste stykke Noreg, så denne turen må du berre få med deg.

Bussen hentar oss på Flo, Stryn og vi køyrer til Hornindal og et ein god 2 retters middag på Raftevold Hotell. Turen tilbake går via Volda, Ørsta til Moa. Turen går i samarbeid med Radio Sunnmøre, og på bussturen spielar vi Bingo til inntekt for Radio Sunnmøre.