20131020-230405.jpg

Reidar Fiske overrakte bildet «Fjordlandskap» til Odd Asbjørn Nybø

Søndag 20. Oktober var det takkefest for tidlegare inspektør ved Møre ungdomsskule, Odd Asbjørn Nybø. Han har valgt å gå av med pensjon etter at han nyleg fylte 62 år. Odd Asbjørn var ei drivande kraft ved oppstarten av begge Møreskulane våre i tillegg til at han har vore første rektor ved Møre Herøy og han hadde altså no stillinga som inspektør ved Møre Ålesund til han gjekk av 1. oktober.

Formann i styret for skulen, Reidar Fiske helsa frå styret og overrakte ein litografi av Ørnulf Opdahl som synleg takk. Elles var der helsing frå m. a. rektor Ove Kopperstad og innslag frå fleire av lærarane.
Anette Hagen ( tidlegare elev) spela vakkert på harpe og Jon Georg Fiske ( også han tidlegare elev) hadde ei varm og klok helsing om kva skulen hadde betydd for han før han spela piano og song «Lær meg å kjenne dine veier».

Odd Asbjørn fekk sjølv avslutte den fine festen med å takke både familie, indremisjonsbevegelse og Møreskulane for alt han har fått vere med på.