Karl Arne er klar for litt "blogging"

Karl Arne er klar for litt «blogging»

Når eg no er på vekslingssida og klar til å gje stafettpinnen til nye leiarar vil eg gjerne takke. Takk for den tilliten de viste då eg fekk kallet til å gå inn i leiaroppgåva. Det var aldri i mine tankar å få ei slik oppgåve og eg er takksam til alle i heile bevegelsen Sunnmøre Indremisjon for at de har tatt så godt imot meg desse åra.

 Det er godt å kunne slutte utan bitre eller vonde kjensler, men berre med takksemd. Årsaka til oppseiinga er at det ikkje var muleg å bruke nok tid og krefter på alle dei oppgåvene eg hadde ansvar for. Og sidan det er uråd for meg å gå inn i ei større stilling, er det betre å overlate oppgåvene til andre. Kallet til å vitne om Jesus og vere med å bygge indremisjon står ved lag, det er oppgåvene som blir annleis framover.

Sunnmøre Indremisjon er den av krinsane i ImF som har størst breidde i oppgåver og drift.  Med tre skular (den fjerde under utvikling), ein barnehage, to leirstadar, nærradio, gravferdsbyrå, sjelesorgsenter og Si-REISER (største eigar med om lag 40 %) og sist, men ikkje minst forkynnarverksemda, seier det seg sjølv at oppgåvene er mange.

«Til lags åt alle kan ingen gjera» seier Ivar Aasen og det gjeld for den som har leiaroppgåver i indremisjonen også. Det kan av og til samanliknast med å bere staur, det sprikar lett til mange kantar. Dette har eg opplevd og derfor vore bevisst på at ein ikkje kan gjere alle like nøgd. Den viktigaste oppgåva for ein leiar vil alltid vere å stake ut ein kurs og ein veg for arbeidet, men det er ikkje råd å få alle like heilhjarta med på den vegen. Eg vonar at det har vore tydeleg  kvar eg meiner den vegen går. Eg har prøvd å halde oppdraget vårt i fokus, å forkynne evangeliet for folket på Sunnmøre. Ikkje minst å nå nye menneske med den glade bodskapen om evig liv i Jesus Kristus. Difor er den neste generasjonen alltid den viktigaste. Og forankringa har vi i røtene våre, i ein usvikeleg tillit til Guds ord og i radikalt liv. Vi må stå fast i lære og endre på arbeidsmåtane slik at arbeidet er tilpassa den tida vi lever i.

Indremisjon er alltid meir enn den lokale forsamling, vi har eit felles kall om å vinne folket på Sunnmøre med evangeliet. Og arbeidet på bedehuset er meir enn indremisjonen. Som ein av dei store høvdingane våre, Hans Sandvoll, sa det: «Bygg venesamfunnet på bedehuset og fullfør verdsmisjonen». I dette perspektivet har eg prøvd å utføre mitt arbeid og vonar at arbeidet i Sunnmøre Indremisjon fortsatt vil bli.

Eg ynskjer Johan og Harry lukke til og ber om Guds signing i tenesta til dykk alle!