rsm¿te, Sunnm¿re Indremisjon, lesund folkeh¿gskole 2018Sunnmøre Indremisjon blir til ImF Sunnmøre. Det blei vedtatt på årsmøtet sist laurdag.


Samtidig gav dei vel 70 utsendingane formell tilslutning til at Borgund folkehøgskole skifter namn til Ålesund folkehøgskole.

Namneskiftet er meint å skape ein felles profil og identitet for indremisjonsorganisasjonane med blant anna felles logo. Namnebytet fører ikkje endringar i organisasjonsforma, og ImF Sunnmøre er ein sjølvstendig organisasjon.

Ålesund Folkehøgskole har allereie begynt å bruke sitt nye namn, og ifølge rektor Sven Wågen Sæther har det ført til ei auke i søknader på 50 prosent føre det kommande skuleåret. Det tyder at kapasiteten på 118 plassar kan komme til å vere fullt utnytta til hausten. Innan 2023 ønskjer skolen å utvide med blant anna fleire internatplassar. Ei ideskisse for dette blei lagt fram for årsmøtet som seinare må ta stilling til utbygging.

-Med Ålesund i namnet vil det vere klårare for søkjarane kor skulen ligg, sa rektoren, då han presenterte forslaget til namneendring. Etter årsmøtet har folkehøgskolen også endra selskapsform. Skulen er no formelt ei foreining knytt til ImF Sunnmøre. Ny styreleiar etter Odd Christian Stenerud er Rigmor Andersen Eide.

Som kjent driv ImF grunnskular i Herøy, Skodje og Ålesund. Dei to første er barne- og ungdomsskular, men det er planar om undervisning på barnetrinnet også for Møre Ungdomsskule i Ålesund. Skulen på Skodje ligg i Brusdalen, men det vil vere avgjerande for vidare satsing der at ein får dispensasjon frå restriksjonar i samband med drikkevasskjelda til Ålesund. På årsmøtet tok fleire av utsendingane til orde for å oppmuntre fleire unge kristne til å gå inn i læraryrket. Det er stor mangel på kristne lærarar. Søndag 16. september blir det ein eigen bønedag for dei kristne skulane.

Årsmøtet godkjente årsmeldinga med et underskot for ImF Sunnmøre på vel 245.000 kroner. Likviditeten er god, og resultatet er ikkje dramatisk. Organisasjonen arbeider likevel hardt for å få fleire til å binde seg til ei fast gjevarteneste med moglegheit for skattefrådrag. Linda Austnes frå Godøya sa at det var skamlaust ikkje å gje tiande til misjonen. Radio Sunnmøre gjekk i fjor med et underskot på 113.000 kroner, medan gjenbruksbutikken Brukt og Nyttig i Giske ga ImF Sunnmøre 190.000 kroner i fjor. Dei to leirstadene Brusdalsheimen og Orreneset gjekk i balanse.

Valnemnda sa seg lei for at det ikkje hadde lukkast å få fleire kvinner til å stille i styret. Noko av forklaringa kan vere at det er mange styrerverv som skal fyllast og at det dermed er få som meiner dei har kapasitet til å sitte i fleire styre.

Det nye styret ser slik ut: Oddbjørn Brunstad, Sykkylven (attval), Daniel Haugland, Ålesund (attval), Jan Ivar Stokset, Giske (ny), Leif Steinar Alnes, Giske, Kolbjørn Gjære, Ørskog, Solfrid Ulstein Riise, Ulsteinvik og Ole Bjørn Vik, Skodje. Vara: Knut Aarsund, Brattvåg, Jan Løkkeborg, Ålesund, Kåre Magne Remmen, Godøy og Reidar Halvard Muren, Herøy.

Johan Behrentz

rsm¿te, Sunnm¿re Indremisjon, lesund folkeh¿gskole 2018
Bilde:, rsm¿te, Sunnm¿re Indremisjon, lesund folkeh¿gskole 2018
Deltakarar på årsmøtet til ImF Sunnmøre (tidlegare Sunnmøre Indremisjon), trur namnebytet vil skape aukande oppslutnad om Indremisjonsforbundet. Frå venstre: Sven Wågen Sæter (rektor Ålesund Folkehøgskole) Oddbjørn Brunstad (styreleiar ImF Sunnmøre) Solfrid Ulstein Riise (styremedlem) og Johan Halsne (Dagleg leder ImF Sunnmøre).
Ideskisse for utvidelse av lesund Folkeh¿gskole
Bilde Aalesundfolkehøgskole:
Slik ser ideskissa til utbygginga av Ålesund Folkehøgskole ut. Utbygginga vil gi større kapasitet og internatplass og kan vere ein realitet i 2023.
Bilde: Rundt 70 utsendingar deltok på årsmøtet på Ålesund Folkehøgskole i det som nå er blitt ImF Sunnmøre.

 

 

 

rsm¿te, Sunnm¿re Indremisjon, lesund folkeh¿gskole 2018, Linda Austnes

 

Bilde: Linda Austnes oppmoda instendig forsamlinga til å gje tiande av inntekta til misjonen.