27. – 29.mars 2014 er der ein viktig konferanse i Oslo. Det er Dawn Norge som inviterer. Dawn Norge er eit nettverk som arbeider for forsamling og menighetsplanting.  ImF står som medarrangør av konferansen.

Målet med konferansen er tredelt. Ein vil vere med å gi kraft og styrke til å nå ut til nye menneske og nye fellesskap. Vidare ynskjer ein å gi hjelp til å forstå ulike kulturar ein møter i arbeidet og til sist vil ein gi erfaringar frå arbeidet med menighetsplanting til unge menneske som er på konferansen.

Sjølv om vi gleder oss over mykje fint i arbeidet vårt må vi erkjenne at vi i liten grad når nye menneske med evangeliet. Eg skulle ynskje at eg langt oftare fekk meldingar om at folk vert frelst. Vi må også erkjenne at bevegelsen Sunnmøre Indremisjon har mindre innverknad på folket vårt og at vi når færre no enn om vi samanliknar med situasjonen for 20-30 år sidan.

Dette gir ikkje grunn til missmot, men pågangsmot! Guds hjarte er det same som det alltid har vore, han vi at alle skal bli frelst og lære sanninga å kjenna (1. Tim 2,4).  Difor treng vi å be til Herren at han må gi oss erobringstrong og erobringsvilje etter å nå nye menneske med evangeliet. Ikkje minst har vi ei utfordring i å nå unge menneske.  Avkristninga berre ein generasjon unna.

Eg trur at Herren kallar oss til å bygge forsamling og fellesskap for å nå ut til fleire. Konferansen i Oslo kan vere med å utruste og gi inspirasjon i dette arbeidet. Her kan vi møte folk frå ulike samanhengar som alle brenn for at nye skal møte Jesus. ImF har sett seg som mål at minst 100 personar frå vår samanheng skal ta del på konferansen og eg drøymer om at minst 20 av dei er frå Sunnmøre.  Eg blir der, kan vi rekne med deg? Du finn meir info på

http://dawnnorge.no/nasjonal-konferanse-2014/