Sang- og musikkhelg i Fosnavåg

Ei festreise! På andre måtar er det vanskeleg å beskrive det vi fikk vere saman om i Fosnavåg siste helga i august.

Det var andre året at ImF Sunnmøre saman med Kristen Riksradio P7 arrangerte Sang- og musikkhelg på Thon Hotell Fosnavåg. Det var ei kjempehelg i fjor, og vi vart ikkje skada i år heller.

Mange sangarar og musikarar hadde teke vegen til Fosnavåg denne helga. Til saman ga det oss ein stor variasjon i både songtekstar og musikkstil. Men felles for alle som sto på scena var ei klar formidling av bodskapen om Jesus Kristus.

Av lokale aktørar var Familien Knotten og Brattvågtrioen. Felles for begge desse var at det var lenge sidan sist dei hadde sunge «live». Harry Andersen og kora Elkana og Kvit Sektor var også lokale innslag på scena.

Av gjester som hadde reist lengre var songgruppa Kerysso frå Haugalandet og Emilia Lindberg får Sverige. Svein i Prestegardi og Eyunn Jacobsen hadde teke turen over Norsjøen frå Færøyane. Det er vanskeleg å skildre i ord all den gode sangen og musikken desse tilsaman fekk gje oss. Eit husorkester under leiing av Bjørn Jacobsen frå Karmøy saman med Arnvid Brandal på bass og Leif Sindre Austnes på slagverk løfta allsangen på ein flott måte.

Radiopastor Johnn R. Hardang forkynte Guds ord på alle samlingane og krinsleiar i ImF Sunnmøre, Johan Halsne leia helga med stødig hand.

Det var svært mykje folk som kom til møta. Rundt 200 fastbuande på hotellet (alle rom var opptekne) hadde reserverte plassar i konsertsalen. Den store salen med 500 sitteplassar vart i minste laget allereie fredag kveld. Laurdag var det ikkje plass til alle, og rundt 30 personar måtte følgje konserten på tv-skjerm i hallen. 660 mennesker var tilstades laurdagskvelden.

Maten var god, stemninga var god, programmet var god. Kort sagt vart det ei festreise av ei helg. Folk hadde teke vegen får Trøndelag i nord til Rogaland i sør.

Det er allereide bestemt ny helg siste helga i august i 2020. Måndag 9. september åpnar Plussreiser for påmelding. I fjor var hotellet fullt i februar, no reknar vi med at hotellet vil vere fullbooka før jul. Så vil du vere med må du vere om deg og sikre deg plass.

Stor takk til alle som deltok, både i salen og på scena. Mest av alt takk til Gud for ei god og rik helg som ga nytt mot til mange av oss