aud-kindervag-halsne-e1458585662412-990x557

Aud Kindervåg Halsne Foto: ImF Media arkiv

Felles profil og navn for Si-REISER, Sabra Fokusreiser og Ravinala, landets største arrangør av kristne feriereiser får namnet Plussreiser. Bakgrunnen for endringen er Si-REISERs fusjon med Ravinala i 2015 og årets oppkjøp av Sabra Fokusreiser. Omprofileringa vil skje gradvis fram mot årsskiftet.
Namnet «Plussreiser» fortel at vi tilbyr meir enn ferie. Vi er meir en eit ordinært reiseselskap, fortel daglig leiar Aud Kindervåg Halsne, som gleder seg stort over å kunne tilby kundane eit enda meir komplett reisetilbud gjennom ein felles merkevare.
Plussreiser eigast av fleire av organisasjonane i misjons-Norge og vil videreføre indentiteten frå dei tre velkjente selskapa. Eigarar og ledelse ser fram til å samle kompetansen og kunne tilby eit enda breidare reiseprodukt, auka volum og større markedsandel.

Aud Kindervåg Halsne seier at ho er stolt over den nye katalogen som i disse dager er klar for utsending. Gjennom den blir kundane til Si-REISER, Ravinala og Sabra Fokusreiser informert om namneendring.

Kundane vil gjenkjenne turane dei har satt pris på frå «sitt» reiseselskap, enten det er Sabra Forkusreiser, Ravinala eller Si-REISER. Dei vil også finne nye reisemål, nye konsept og fleire nye reiseledarar i tillegg til dei som vi tidligere har hatt. Tilbudet har stor breidde og tilbyr på eksotiske turar til fjerne himmelstrok, hjertegripane ferie på misjonsfelt, innhaldsrike turar til Israel og Midtausten, gruppeturar med forkynnarar, pilgrimsturar, bussturar til europeiske skattkammer og mykje, mykje meir, seier Kindervåg Halsne.

Kundane kan vere trygg på at vi forsatt vil levere dei gode og nære tjenestane som alle tre selskapa er kjende for. Dei kjende ansikta og stemmene vil fortsatt bli med vidare.

I løpet av hausten vil reiseportalen Plussreiser.no aktiverast. Kundane kan fortsatt nytte dei kjente nettadressana og blir så videreført til den nye portalen. Her vil man finne alle turane og samla informasjon om selskapet, man vil også kunne melde seg på elektronisk og betale direkte på nettsida.

Selskapets hovedkontor vil fortsatt ligge i Ålesund, med avdelingar i Kristiansand, Bergen og Stavanger. Plussreiser vil også framover vere representert i Moss og i Ulsteinvik.