Nytt frå Møre Ungdomsskule

Elevflokken på Møre Ungdomsskule Hatleholen

Her kan du lese litt om livet på Møre Ungdomsskule på Hatleholen. Det er nytilsett kontormedarbeidar Hilde Lillevold Håberg som har skrive teksten.

Velkommen til Møre Ungdomsskule

-På vår skule er det lett å vere seg sjøl. Både elevar og lærarar gjer sitt beste for å vere inkluderande. Her er det ikkje motepress og mobbing, slik eg opplever det i alle fall, seier Olianna Johansson frå 10. klasse.

Olianna er ein av 112 elevar ved friskulen på Hatlehol i Ålesund. Skulen starta  med 22 elevar for 22 år sidan, og har vakse jamnt og trutt sidan. I år er det fem klasser ved skulen, og over 20 tilsette.

-Vi har vore heldige og har hatt god søkning til skulen i alle år. Ofte har vi lange ventelister, seier inspektør Olav Sæbø.

Godt miljø

To som var heldige og fekk plass då skulen starta i haust, er Mats Hagerup frå Solevåg og Ester Enamkung frå Sykkylven.

-Eg valde Møre fordi eg kjenner mange som har gått her, og har høyrt mykje bra om skulen, seier Ester som ikkje har blitt skuffa.

-Det er lett å bli kjend med folk, og eg er glad for at det ikkje er så strengt, seier ho. Mats er einig. Han starta saman med ni andre frå sin barneskule.

-Vi har fått mange nye vener, og lærarane også er veldig greie. Dei er flinke til å lære frå seg, og gir gradert lekse slik at alle kan henge med, seier han.

Andakt og song

Noko av det som skil skulen frå offentlege skular, er den daglege samlinga med andakt og song.

-Det er fint med ei sånn samling, der alle er med. Nokon opplever det nok litt kjedelig, men det ser likevel ut til at folk har det bra her, seier Håkon Humblen frå 9B. Han likar også godt at dei ofte er ute på turar og at lærarane er kreative når dei legg opp undervisninga. Olianna er einig.

-Kreative prosjekt er topp. Det krydrar kvardagen, og det trengs. Vi har mykje lekser og innleveringar i tiende. Men sidan det skjer så mykje kjekt, går det heilt greitt, seier ho. I staden for Operasjon dagsverk, har skulen ei heil veke med misjonsprosjekt og innsamling i januar. Dette er eit av høgdepunkta i skuleåret.

Arbeidslivsfag

Ungdomsskulen har hatt tilbod om arbeidslivsfag dei siste fire åra. Dette er eit alternativ til språkfag, og passar godt til elevar som vil prøve seg i arbeidslivet.

-Eg vil gjerne bli vaksen fort, og kome ut i arbeid. Å bli fiskar er min plan, seier Nicolai Reichle (9A). Han har fått prøve seg både på fiskebåt og fiskemottak. No har han praksisplass på ei ferge, og får prøve seg på matros-oppgåver. Kanskje er det han som vinkar deg på plass når du køyrer om bord neste gong?

Magnus Riise (10 kl) får skuleveka lagt til rette slik at han har ein heil dag i arbeid i hos Alfa Elektro.

-Vi er ofte heime hos folk, og eg får prøve mykje forskjellig. Det er lærerikt og kjekt. Eg har funne ut at eg vil utdanne meg innan elektro, seier han.

-Arbeidslivsfag motiverer oss til å gjere det betre på skulen og til å satse på meir skule etter ungdomsskulen. Sjølv om vi ikkje er så glade i å stirre i bøker, trivst godt på Møre, seier Magnus og Nicolai.

NOTIS

Ny barneskule

Om to år er det planar om oppstart av kristen barneskule i Ålesund. Denne blir også på Hatleholen der ungdomsskulen er.

-I første runde er det snakk om oppstart for 1. og 2. klasse, og vi opplever allereie at det er stor interesse for dette. Mykje skal på plass, og vi må sjølvsagt bygge ut. Det er spanande tider framover, seier Signe Urtegård som er rektor ved Møre Ungdomsskule.

(Vi kjem tilbake med meir stoff og informasjon om det nye skulebygget som er planlagt reist og skal stå ferdig til sommaren 2020 seinare).

(Klikk på bildene for å få de store).

Nicolai Reichle og Magnus Riise har valt alternativt, og får prøvd seg i arbeidslivet medan dei går på ungdomsskulen. -Veldig motiverande for skuledagane totalt sett, seier dei.

 

 

 

 

 

 

 

 

Alle skolens 112 elever samt en del av personalet