Rektor Ingrid Kvam Steinshamn har sendt oss eit glimt får skulekvardagen i Brusdalen.

#framtidasvaksne

Det er nokre år sidan sist – og vi har blitt større og sterkare. Møre barne- og ungdomsskule Skodje er den ferskaste skulen i ImF Sunnmøre-familien. Vi er godt inne i fjerde driftsår, og skulen er no på god vei til å kunne kalle seg ein etablert grunnskule i friskule-Norge.

Det er tett og godt samarbeid mellom dei ulike Møre-skulane til ImF Sunnmøre, og i tillegg er det kort veg både til andre kristne friskular rundt om i landet og til samarbeid med både kyrkje og forsamlingar i dei fire kommunane som skulen får elevar frå. Skulen ligg godt plassert i leigde lokaler i Brusdalen, og her trivs vi godt! Det er mykje som er positivt med å ha ein skule i eit slikt område, og vi er glad for å kunne ha naturen så tett på oss som vi har.

Dei kristne friskulane har ei særskilt og unik rolle i utdanninga og opplæringa av framtidas vaksne, med den fridomen og det privilegiet som vi har til å kunne både formidle læring, kunnskap, erfaringar og utdanning – i tett tilknytning og naturleg samanheng med både Skaparen og skaparverket. Vi er overtydd om at det merkes på elevane, og på foreldre/familiar og dei som vi samarbeider med at det er noko som driv oss – noko meir enn «berre» fag og undervisning… som Møre Ungdomsskule så fint skildra i forrige nummer – «både elevar og lærarar gjer sitt beste for å vere inkluderande».

Vi er stolt over arbeidet som vi får lov til å drive på skulane våre – og vi er overtydd om at elevane som vi får lov til å dele trua vår med, engasjement for misjon, omsorg for miljø og forvaltning av både skaparverket og menneska som bur her – dette betyr noko! Noko stort !

Skulen vår er no snart fire år gamal – og vi har elevar på 1.-10.trinn. Vi er foreløpig i leigde lokaler, men det vert arbeidd med å kunne få avklare kor den permanente skulebygninga skal få stå. Skulen rommar no rundt 80 elevar og ein fin gjeng med lærar, miljøterapautar og skuleadministrasjon – her er det mykje flotte folk, som vi er stolte av!

Det er ikkje utan grunn at vi no brukar emneknaggar som «#verdasbesteelevar», «#framtidasvaksne» og «#ålæreålære», fordi vi har tru på at fokuset vårt om at dei elevane som vi får låne nokre år på Møre – dei vert vaksne forvaltarar av ulike delar av samfunnet som vi alle skal leve i – og då er det absolutt relevant å kunne gje desse elevane godt forhold og erfaring til det å lære, til sitt eige syn på framtida og deira eiga rolle i møte med nettopp det.

Vi vil takke dykk alle som ber for oss! Det er absolutt merkbart, og vi er ikkje i tvil om at bøn har båre oss fram dit skulen er i dag. Og så vil vi be dykk så inderleg om å ikkje slutte med forbøn – og bli gjerne med fleire om de kan og vil. Be for alle lærarar, foreldre, søndagsskulelærarar, leirleiarar, lagsarbeidarar, korleiarar osb – alle som ønsker å gje dei unge viktige verdiar, lærdom og ikkje minst kunnskap – om både Skaparen og skaparverket.