Ny giv på Ørsta bedehus

Vi har motteke dette frå Ørsta Indremisjon som vi gjerne deler vidare her på heimesida vår:

Ørsta Indremisjon har jubileumshaust

Søndag 8. september startar Ørsta Indremisjon på att med møte på Ørsta bedehus. Det er Solfrid Ulstein Riise (bildet over) frå Ulsteinvik som kjem og talar på ettermiddagsmøtet.

Ulstein Riise vil på møtet i Ørsta lese ulike tekstar frå Daniel-boka i Bibelen, og minne møtedeltakarane om korleis Daniel i vanskelege utfordringar fekk visdom og hjelp frå Herren, og korleis Herrens namn blei æra gjennom livet og vitnemålet hans. Så vil ho vidare snakke litt om korleis Daniel kan vere eit førebilete i dag.

Leiar Hjørdis Almelid Vikenes i Ørsta Indremisjon er glad for at både Solfrid og fleire andre talarar i frå Sunnmøre Indremisjon kjem til Ørsta bedehus i løpet av hausten. Vidare er det også mange andre leigetakarar som har arrangement i Ørsta utover hausten, mellom anna vert det laurdag 21. september open leirdag for barn på bedehuset i regi av NLM.

– På haustofferdagen vår laurdag 28. september vil vi markere at det er på dagen 50 år sidan nyebedehuset vart teke i bruk i 1969. Også søndag 29. september vert det ei 50-års markering av bedehuset vårt, i samband med at Radio Sunnmøre kjem og har eit song- og musikkmøte i Ørsta. Vi håper at mange vil feire saman med oss. Seinare i haust får vi besøk av Jostein Mulelid, Kjell Furnes og Marit & Irene frå Sunnmøre Indremisjon. Det er også kjekt at barnearbeidet til soknerådet allereie har starta på att med Måndagsklubben på bedehuset, seier Almelid Vikenes.