Aud K. Halsne

Aud Kindervåg Halsne

Aud Kindervåg Halsne (51) frå Skartveit i Finnøy kommune blir ny dagleg leiar i Si-REISER frå 1. februar neste år.

-Styret i Si-REISER er trygge på at vi har funne ei god løysing, seier styreleiar Rolf Kjøde. Si-REISER er den største turoperatøren i kristen regi i Norge.

 

-Aud Kindervåg Halsne er godt kjent med Si-REISER etter ti år som reiseleiar, og ho har også vore med i arbeidet med turutvikling og programlegging. Det er ein viktig føresetnad for å jobbe godt med den heilt avgjerande og store gruppa av reiseleiarar og turpredikantar. Ho brenn for den visjonen som selskapet har om å skape kristne feriereiser. Ho har klare og gode tankar om vidare utvikling av Si-REISER mot nye kundegrupper, samtidig som ho kjenner den eksisterande kundegruppa svært godt og vil arbeide hardt for at dei skal kjenne igjen selskapets profil og identifisere seg med det. Aud Kindervåg Halsne har kjennskap til ei god breidde i kristen-Norge og vil såleis ha godt grunnlag for å arbeide vidare med den stadig pågåande fornyinga av reiseleiarkorpset, seier  Kjøde.

 

-Aud har særs gode leiareigenskapar med stor erfaring frå personalarbeid. Ho har hatt ulike leiarstillingar både i skole og barnehage og i kommuneadministrasjonen. Av fag er ho førskolelærar med fordjuping i administrasjon og leiing og vidareutdanning i spesialpedagogikk, avsluttar styreleiar i Si-REISER Rolf Kjøde.