dsc_0311Sunnmøre Indremisjon bygger ny barnehage på Valderøya. Måndag 29. august starta vi med å grave ut tomta. Den ligg like ved den nye barneskulen sentralt plassert på øya. Daggry barnehage vart starta opp i 1978, arbeidet med å bygge no barnehage starta for 7-8 år sidan.

 

Styrar Kari Lise Nordstrand og ass. styrer Grete Valderhaug held teikning av den nye barnehagen mellom seg. På bildet elles er maskinfører Jan Stian Bjørge frå Aco Anlegg AS og jublande born og tilsette som er glad for at dei snart får ny barnehage.

Den noverande barnehagen har for lite areal og bygningane er til dels gamle og nedslitne. Denne barnehagen er seld til Giske kommune og vi har fått kjøpe tomt til den nye barnehagen av kommunen. Den nye barnehagen er godkjent med fire avdelingar, ei meir enn den gamle. Giske kommune er ei kommune i vekst og det er behov for auka kapasitet i barnehagesektoren. Ny barnehage er kostnadsrekna til omlag 26.mill kr. inkl. tomat (eksl moms). Den er teikna og prosjektert av Moldskred AS. Vi har fått byggelån i Sparebanken Sør og pnatelån i Husbanken.

Våre samarbeidspartnere er:  Aco Anlegg AS (grunnarbeid), Søvik og Skåravik AS (Bygning), GK Inneklima AS (Ventilasjon), Nordstrand VVS AS (VVS) og Bravida Norge AS (Elektro)

Pressekontakt:
Formann i styret i Daggry: Karl Arne Austnes 915 95 050, Styrar i Daggry: Kari Lise Nordstrand: 482 69 451, Krinsleiar i Sunnmøre Indremisjon: Johan Halsne: 906 42 479, Prosjekleiar Moldskred AS: Fred Jarnes: 922 59 559

dsc_0313