Gode søkartal

Tekst: Ingrid K. Steinshamn

Informasjonsmøtet på Gomerhuset 16.september var folksomt og innhaldsrikt. Dei knappe 40 frammøtte fekk informasjon om friskuleideologi, økonomiske rammer og vilkår, tomteplanar, heimeside og søknadsskjema for skuleplass. Det var også ein del gode og nødvendige spørsmål som vart stilt undervegs, og i ettertid kan vi sjå at søknadsskjema for skuleplass vert flittig brukt.

God lærer

Styret fortel at dei gler seg over gode søkartal såpass tidleg på hausten. Det tyder på at her kan det verte endå høgare søkartal til skulen i løpet av vinteren, noko som igjen gjer at skulen står endå stødigare ved oppstart.

Utifrå søkartala som til no har kome inn, så er det tydleg at foreldra ynskjer at skulen skal starte allereie til hausten 2015. 

Skulen ventar endå på svar frå Utdanningsdirektoratet på søknaden som vart sendt i mars. Styret vonar at svaret kjem før jul, men seinaste frist er mars 2015. Men om søkartala er høge og ynskje for skulestart står like sterkt til våren, så skal styret gjere sitt for at det vert ein oppstart allereie til komande haust.

Det var Skodje friskuleforening som inviterte til informasjonsmøte, og dei oppmoda om innmelding dersom ein ynskjer å syne ei støtte til skuleprosjektet. Foreninga har oppretta ei gruppe på Facebook, du kan vere med i, i tillegg til at du kan melde deg inn i friskuleforeninga ved å sende mail til skodje@friskuleforening.no.