Lederkonferansen ImF

Årets storsamling i ImF-familien nærmer seg. Andre helga i november er det igjen klart for lederkonferansen.

Helga 9.-11. november arrangeres ImF sin store Lederkonferanse. Dette er ei samling for alle som på ulike måtar er med i misjonsarbeidet, enten du kallar deg leiar eller ikkje. Dei mange som reiste på konferansen i fjor hadde stort utbytte av dette, og kom heim at med ny kveik til å fortsette arbeidet i Guds rike.

Det er ein stor fordel (men sjølvsagt ikkje naudsynt) at fleire frå same forsamling reiser i lag. Då kan ein ta med seg heim inspirasjon saman, og det er lettare å formidle det ein har fått til dei som ikkje var med. Frå Langevåg reiste til dømes heile 12 personar på fjorårets konferanse, og dei gjer uttrykk for at det var til stor nytte for arbeidet i forsamlinga.

For nærare informasjon henviser vi først og fremst til nettsida www.leder-konferanse.no  men vi tek likevel med ei oversikt over nettverka som skal vera.

Forsamlingsbygging grunnleggende / Forsamlingsbygging viderekommende / Nye fellesskap / UNG/ Mens de snakket sammen kom Jesus og slo følge med de / Det handler ikke om meg / Trosforsvar / Forkynnelse / Håp gjennom godhet / Familie / God lyd

Kvart nettverk har samlingar over tre dagar. I tillegg er det tilbod om heile 25 valfrie seminar som du kan velje mellom.

Vi vil så sterkt vi kan oppmode så mange som mogleg om å reise på årets Lederkonferanse. Det er lurt å vera snar å melda seg på da det er plass til maksimalt 600 deltakarar. For alle dykk som er i arbeid eller går på skule så vil det vera ei god investering å ta ut ein feriedag denne fredagen og få med seg heile konferansen. Det er ei intensiv helg, men den gjer eit stort utbytte.

Det er også ein stor fordel om fleire frå same forsamling / fellesskap kan reise saman.

Frå Sunnmøre set PLUSS-reiser opp buss med avreise fredag 1145 frå Moa og kl. 1300 frå Volda. Plussreiser har også booka eit hotell i Bergen kor dei fleste som er på konferansen vel å bo.

For meir informasjon kan du kontakte krinskontoret. Påmelding skjer via nett, men har du ikkje tilgang til internett kan vi på kontoret hjelpe deg.